FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 22. OKTOBER 2019

Sunnmøre Mållag Kontakt oss

Høgrepolitikarar frå Sunnmøre må stogge åtaket på nynorsken

 (21.09.2012)

Høgre vil endre målbrukslova. Dersom programnemnda med Bernt Høie i spissen får det som dei vil. Då skal statlege tenestepersonar i departement, direktorat og etatar få lov å bruke bokmål til alle nynorskbrukarar, skriv Terje Kjøde, leiar i Sunnmøre Mållag.

Dersom programnemnda får det som dei vil, skal statlege tenestepersonar i departement, direktorat og etatar få lov å bruke bokmål til alle nynorskbrukarar, det vere seg enkelt-personar, firma, organisasjonar eller kommunar. Høie hevdar at han vil gjere det lettare og spare tid for byråkratar som slit med nynorsken. Men ifølgje Knut Aarbakke, leiaren i den største fagforeininga til denne yrkesgruppa, Akademikerne, er ikkje nynorsk noko problem.

Frå før veit me at Høgre vil gjere sidemålet (les nynorsk)i skulen val- og karakterfritt. Alle med røynsle frå skulen veit at det vil svekkje faget monaleg. Ei av grunngjevingane for framlegget er at mange elevar synest nynorsk er dumt, unødvendig og vanskeleg. Høgre reknar seg sjølv som eit kunnskapsparti. Men det ser ikkje ut til å gjelde norsk språk, som er både bokmål og nynorsk. Eg kan vanskeleg førestille meg at Høgre ville gjere noko tilsvarande med andre fag; t.d. med matematikk fordi mange tykkjer algebra er vanskeleg og keisamt, eller med kroppsøving fordi somme hatar å springe eller å slå hjul.

Språk er meir enn eit kommunikasjonsmiddel. Det er identitet. Det er kjensler. Det er kultur, som kjende songar og kjære dikt, det er tilhøyr, historie og prestisje. Det er makt. Å ta språket frå folk er det same som å ta frå dei alt dette.

Heldigvis er det mange i Høgre som skjønar det. Den kjende fjernsyns-journalisten Arne Hjeltnes er ein av dei. Han sit i sentralstyret til Høgre. Han kallar framlegget frå programnemnda eit typisk forslag frå folk som trur dei vil gjere seg endå meir populære, og legg til at han vonar folk tek til vitet. Liv Kari Eskeland er ordførar i Stord kommune. Ho er også sentralstyremedlem i partiet, og ho er samd med Hjeltnes. – Me som kjempar for nynorsken, må no stå på barrikadane fram mot landsmøtet, seier ho. Også ordførar Bjørn Sandnes i Haram er skeptisk.

For det store fleirtalet på Sunnmøre er nynorsk den sjølvsagde varianten av norsk. Difor bør det også vere sjølvsagt at aktive høgrepolitikarar på Sunnmøre, ikkje minst ordførarane frå partiet, støttar folk som Hjeltnes og Eskeland i kampen for språket vårt. Med stor glede har eg merka meg at varaordføraren i Volda Eivind Nævdal-Bolstad, Høgre, gjer det. Han har protestert kraftig mot framlegget og støttar dei som vil kjempe for nynorsken. For høgreordførarane på Sunnmøre bør det vere sjølvsagt å gjere det same. Det skuldar dei folket sitt.

Terje Kjøde
leiar i Sunnmøre Mållag

Nyhende frå nm.no:

© Noregs Mållag 2019 - Sidene laga av Zetta AS