FRAMSIDA|MELD DEG INN|KALENDER|KONTAKT| 27. DESEMBER 2020

Sunnmøre Mållag Kontakt oss

Nynorskstafetten 2013 startar på Sunnmøre

 (28.10.2012)

I 2013, 200 år etter at Ivar Aasen vart fødd, er det Noregs Mållag og dei lokale mållag som skipar vår tids målreise. Stafetten startar i Ivar Aasen-tunet og stoggar fleire stader på Sunnmøre, der lokale mållag står for ulike arrangement.

Mållaget ynskjer å vera til stades over heile landet, nett slik Ivar Aasen reiste rundt.

Superlaurdag i Ålesund
Stafetten startar i Ivar Aasen-tunet 28. jaunar med eit arrangement som mellom anna Ørsta Mållag står for. 29. januar stoggar stafetten i Vanylven, 30. januar i Ulstein og Hareid, 31. januar i Herøy, 1. februar i Solnør med mållaget i Skodje og Ørskog, før superlaurdag i Ålesund 2. februar. Der vert det eit større arrangement i bygatene.
4. februar stoggar språkstafetten i Stranda/Sykkylven og held fram i Brattvågen 5. februar med eit arrangement i regi av Haram Mållag. Deretter dreg stafetten sørover til Sogn og Fjordane.

Det er førebels lagt opp til 125 stogg. Og utrekningar tilseier at bilen vil ha køyrt over 12 000 kilometer når vi er ferdige med arbeidet. Aasen gjorde fleire turar frå 1842 til 1868, og reiste vel 4000 kilometer.

Reiseruta og meir informasjon er også lagt ut på Noregs Mållag sine nettsider.

- Vi ynskjer å syna fram nynorsken og målsaka på ein positiv og slagkraftig måte. Gjennom nynorskstafetten vil vi treffa born, elevar, lærarar, ordførarar, barnehagetilsette, næringslivsleiarar, foreldre og journalistar og mange fleire. Vi vil gje dei eit positivt inntrykk av nynorsken og målsaka. Målet er òg å inspirera nynorskbrukarane til å vera stolte språkbrukarar og å få fleire til å bruka meir nynorsk enn i dag.

© Noregs Mållag 2020 - Sidene laga av Zetta AS