FRAMSIDA|MELD DEG INN|KALENDER|KONTAKT| 27. DESEMBER 2020

Sunnmøre Mållag Kontakt oss

Særs vellukka Sunnmørsseminar

 (07.11.2012)

Terje Kjøde
- Eg er særs nøgd med seminaret, seier leiaren i Sunnmøre Mållag, Terje Kjøde. Eg nøler ikkje med å karakterisere det som ei god investering, endå om det nesten tømer kassa i Sunnmøre Mållag. Alle attendemeldingane frå deltakarane var positive. Dei sa dei hadde lært mykje, og at dei hadde henta inspirasjon til det dagelege arbeidet på lokal- og fylkesplanet.

Det er Sunnmørsseminaret på det nye hotellet og kulturhuset i Ulsteinvik 3. og 4. november han siktar.

- Denne gongen greip me djupt ned i lommeboka og satsa på overnatting på eit topp moderne hotell. Føremålet med det er at me i målrørsla skal bli betre kjende med kvarandre. Det i seg sjølv og den uformelle praten rundt borda utover kvelden inspirerer og knyter oss nærare saman.

- Det viktigaste trur eg likevel, er det faglege påfyllet, legg han til. Som Ottar Grepstad sa i det framifrå foredraget sitt, har ideelle organisasjonar og interesseorganisasjonar vanskar med å oppdatere seg fagleg. Det er ikkje rart. Dei aller fleste driv dette arbeidet på fritida. Difor er foredrag som Grepstad sitt særs verdifulle for oss.

Nynorsk er ikkje eit truga språk
Grepstad peika mellom anna på det han kalla paradigmeskiftet innan språkvitskapen. Teorien om «den frie sprogutvikling» høyrer heime på historia sin skraphaug.

Det same gjer paradigmet om eitt språk, ein nasjon. I dag finst det snautt nok nasjonar att i verda som har berre eitt offisielt språk, og «alle» reknar det som sjølvsagt at maktstrukturane i samfunnet rundt påverkar språket.

Grepstad tilbakeviste også påstanden frå kunnskapsminister Kristin Halvoren om at nynorsken kan forsvinne i løpet av få år. På mange område står nynorsken sterkare enn nokon gong. Det har aldri vorte skrive meir nynorsk tekst enn i dag. Nynorsken er ikkje eit truga språk.

Kjetil Tandstad, tidlegare redaktør av Dag og Tid og mangeårig journalist i Sunnmørsposten, gav råd om korleis me skal vende oss til og bruka ulike medium målmedvite. Han gav tips om korleis me kan skrive avisinnlegg, og det vart også litt tid til å øve å argumentere både munnleg og skriftleg. Særs nyttig, for dette er noko av det målfolk finn vanskelegast.

Leiar i mållaget, Håvard Øvregård, har i kampanjen Gjennom ord blir verda stor vitja minst 50 barnehagar, og han fortalde om erfaringane med det. I ein sekvens der deltakarane var barnehageborn, demonstrerte han også korleis han har gått fram. Mange vart rett og slett imponerte, og inspirerte og tryggare.

- Språkstafetten og Språkåret 2013 vart det dessverre litt for knapp tid til, fortel Kjøde. Deltakarane hadde gjerne sett at denne sekvensen, som vart leia av Janne Nygård, hadde vart lenger. Men me skal sjå om me kan få til eit impulsmøte her på Sunnmøre med det første, avsluttar ein nøgd fylkesleiar.

Lagbilete på Sunnmørsseminaret


På kne frå v: Oddhild Brandal, Tore Krøvel Dahl, Terje Kjøde, Berit Bjørlo, Marita Bett Jensen. Andre rekkje frå v: Veronika Bonaa, Janne Nygård, Guri Aasen, Ida Brudevoll, Trine Naadland, Stina Aasen Lødemel, Marit Kvammen, Ove Strømme. Bak frå v: Anne Karin Høgset, Kristian Fuglseth, Olav Høgset, Kristian Almås, Aud Lunde, Ottar Grepstad, Kjetil Tandstad, Håvard Øvregård, Roger Nedreklepp, Jostein O. Mo, Njæl Ølmheim, Eivind Veddegjerde, Nils Ulvund, Øivind Fenne.

Desse deltok på seminaret:

Nynorsk Kultursentrum: Ottar Grepstad
Noregs Mållag: Håvard Øvregård og Janne Nygård
Sogn og Fjordane Mållag: Aud Lunde, Njål Ølmheim
Romsdal Mållag: Øivind Fenne, Ove Strømme
Nordmøre Mållag: Nils Ulvund
Sunnmøre Mållag: Terje Kjøde, Kristian Almås, Iselin Nevstad Øvrelid, Kristian Fuglseth, Tore Krøvel Dahl
Lokallaga på Sunnmøre: Ida Brudevoll, Marita Bett Jensen, Stina Aasen Lødemel, Jostein O. Mo (alle Ørsta), Trine Naadland og Eivind Veddegjerde (Giske), Guri Aasen og Oddhild Brandal (Herøy), Berit Bjørlo og Kjetil Tandstad (Sykkylven), Anne Karin og Olav Høgset (Vanylven), Roger Nedreklepp (Volda), Ingvild Aursøy Måseide (Ulstein), Marit Kvammen (Hareid), Veronika Bonaa (direktemedlem).

© Noregs Mållag 2020 - Sidene laga av Zetta AS