FRAMSIDA|MELD DEG INN|KALENDER|KONTAKT| 27. DESEMBER 2020

Sunnmøre Mållag Kontakt oss

Språkstafetten kjem til kommunane Skodje og Ørskog 1. februar

 (17.11.2012)

- Skodje og Ørskog Mållag har starta planlegginga for 1. februar, då språkstafetten kjem til desse to kommunane. Før helga var Kristian Almås og Terje Kjøde frå Sunnmøre Mållag med på eit planleggingsmøte.

Det kom fram fleire gode framlegg på møtet, og Ivar Aasen kjem
til å bli sentral i markeringa.

Skodje og Ørskog Mållag


På biletet frå venstre: Lars Innvik, Tor Inge Myren, Bjørn Steinar Skarbø, Kristian Almås, Arild Aanes og Arnstein Sæthre.

Laget i Skodje og Ørskog Mållag har om lag 35 medlemmer, og det er stemning for å ta opp att arbeidet i laget etter eit par år med kvilepuls.

Kom gjerne med innspel på Facebook-gruppa til Mållaget.

© Noregs Mållag 2020 - Sidene laga av Zetta AS