FRAMSIDA|MELD DEG INN|KALENDER|KONTAKT| 27. DESEMBER 2020

Sunnmøre Mållag Kontakt oss

Velkomen til nynorsk kaffi

 (26.01.2013)

Måndag startar stafetten i Volda og Ørsta. Randi Blichfeldt og Terje Kjøde ønskjer alle velkomne til god nynorsk og gratis kaffi på Fugl Føniks Ørsta. Der får du gratis kaffi, te, kakao eller anna drikke mellom klokka 11 og 12. Ørsta Mållag spanderer.

I tillegg til godt drikke med noko attåt får du høyre ein kort appell, du får høve til ein triveleg og intelligent prat om språk, litteratur og kultur, du får brosjyrar og anna materiell.

- Ja, du kan til og med få lov å melde deg inn. Du skal heller ikkje sjå bort frå at du får prøve deg på ein minikviss eller noko liknande. Og ikkje minst; du får ei triveleg stund. Då sest me kanskje, smiler Terje Kjøde, leiar i Ørsta Mållag.


© Noregs Mållag 2020 - Sidene laga av Zetta AS