FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 20. JULI 2019

Sunnmøre Mållag Kontakt oss

Jon Tvinnereim vann målprisen

 (12.03.2013)

Jon Tvinnereim vann målprisen
Det var ein glad og takksam Jon Tvinnereim som fekk Sunnmøre Mållag sin målpris for 2012 på Sunnmøre Mållag sitt årsmøte i Aasen-tunet laurdag.

Tvinnereim sa at prisen kom uventa, og at han når han såg på lista over tidlegare vinnarar, skjøna at prisen hang høgt.
Jon Tvinnereim mellom medlemmene i Sunnmøre Mållag si målprisnemnd Odd Sørås (til venstre) og Terje Aarset.

I grunngjevinga frå målprisnemnda heiter det mellom anna at Tvinnereim skriv variert, presist og folkeleg, og at mange akademikarar har mykje å lære av han språkleg. Han er også ein omtykt folketalar og ein god ambassadør for nynorsk i munnleg framføring.

Terje Kjøde gir målprisvinnar Jon Tvinnereim Ivar Aasen-boxar. Foto: Foto. Jan Erik Andreassen

Tvinnereim, som elles har ein lang og innhaldsrik karriere bak seg i akademia, og som også har vore ei drivkraft i målrørsla, sa at han inntil nyleg hadde vore eldre, men at han no etter å ha passert 75, hadde vorte gammal. Likevel vona han at han framleis kunne utvikle seg både som skribent og talar.

Runar Gudnasom fekk Ørsta Mållag sin målpris

Også Ørsta Mållag delte ut sin målpris under møtet, og den gjekk til Runar Gudnason, som nærast har vakse opp i Aasen-tunet. Gudnason, som no har flytt heim til Ørsta, takka like godt for prisen med ein kvikk og humoristisk rap.

Styret i Sunnmøre Mållag 2013: Kristian Almås, Iselin Nevstad Øvrelid, Kristian Fuglseth, Terje Kjøde og Tore Krøvel Dahl.

Heile det sitjande styret vart attvalt. Terje Kjøde frå Ørsta held fram som leiar. Med seg i styret har han Kristian Fuglseth, Hareid, Iselin Nevstad Øvrelid, Ulstein, Kristian Almås, Stordal og Tore Krøvel Dahl, Ørsta. Årsmeldinga og rapportane frå lokallaga viser at det er god aktivitet i dei fleste lokallaga, og at medlemstalet har auka så monaleg siste åra at det no nærmar seg tusen.


© Noregs Mållag 2019 - Sidene laga av Zetta AS