FRAMSIDA|MELD DEG INN|KALENDER|KONTAKT| 27. DESEMBER 2020

Sunnmøre Mållag Kontakt oss

Heidra Hødd, Ivar Aasen og Språkåret 2013 med appell, gåve og allsong

 (07.10.2013)

Under Trebaatfestivalen i Ulsteinvik i august fekk Idrottslaget Hødd Sunnmøre Mållag sin målblome for godt nynorsk språk. Då utfordra medieansvarleg i klubben, Lars-Petter Rønnestad, mållaget om å lage eit pauseinnslag på Høddvoll under ein Hødd-kamp. Søndag 6. oktober tok me ballen på sparket.

Songarane på biletet er frå venstre Terje Kjøde, Tor Meinseth, Knut Ertesvåg, Jon Gjerde, Kristian Fuglseth, Kjetil Hasund og Bård Dalen. Til saman har dei fire veteranane Tor, Knut, Jon og Kjetil 1649 kampar og 529 mål for Hødd. Det er ikkje mange songkvartettar som kan skilte med noko tilsvarande.

Songarane på biletet er frå venstre Terje Kjøde, Tor Meinseth, Knut Ertesvåg, Jon Gjerde, Kristian Fuglseth, Kjetil Hasund og Bård Dalen. Til saman har dei fire veteranane Tor, Knut, Jon og Kjetil 1649 kampar og 529 mål for Hødd. Det er ikkje mange songkvartettar som kan skilte med noko tilsvarande.

I over 50 år har Hødd vore eit sportsleg førebilete for dei andre klubbane på Sunnmøre. No har dei vist at dei er eit førebilete også språkleg og kulturelt, sa leiaren i Sunnmøre Mållag Terje Kjøde i ein kort appell. Han viste også til at den nye landslagstrenaren vår, Per Mathias Høgmo, bruker dikt i garderoben. – No skal Hødd få høve til å gjere noko tilsvarande med utgangspunkt i praktboka Den nynorske songskatten av Terje Aarset. Nestleiar i mållaget, Kristian Fuglseth, gav boka til styreleiar i Hødd, Bård Dalen, med denne kommentaren: - Eg tviler på om spelarane kjem til å bruke boka til å syngje i pausen, men Bård kan bruke henne på alle styremøta –

 

Til slutt heidra nokre Hødd-veteranar og publikum både Språkåret 2013 og Hødd med allsong av Nordmannen der to ekstravers til ære for Hødd var lagde til. Versa lyder slik:

 

Mellom bakkar og berg ut mot båra

heve Hødd-laget funne si form.

Der dei sjølve hev spela og skåra,

teke resten av Noreg med storm

 

Fram på haustparten stundom dei tenkte:

Me har vilje og musklar av stål.

Og då NM-medaljane blenkte,

ja, då knalla dei ballen i mål.

© Noregs Mållag 2020 - Sidene laga av Zetta AS