FRAMSIDA|MELD DEG INN|KALENDER|KONTAKT| 27. DESEMBER 2020

Sunnmøre Mållag Kontakt oss

Program for Sunnmørsseminaret 2013

Sunnmøre Mållag skipar på nytt Sunnmørsseminaret. I år vert seminaret halde på Ivar Aasen hotellet i Ørsta 23. og 24. november. 

Program

Laurdag 23. november:

1130-1200: Innsig, registrering, kaffi og te

1200-1215: Opning, presentasjon

1215-1400: Kvifor sidemål? «Skuletime» ved Vebjørn Sture eller Janne Nygård eller begge. Gjennomgangen byggjer på boka «Kva skal vi med sidemål – Argument og fakta». Det er inga ulempe å ha lese boka på førehand. Ho er på vel 100 sider og er gjeven ut på Samlaget.

1400-1500: Lunsj

1500-1700: Kvifor sidemål? (framhald) Etterarbeid

  • Gruppevis gjennomgang, repetisjon og vurdering av argumentasjonen for sidemål.
  • Rollespel med argumentasjon for og mot sidemål.
  • Oppsummering i plenum

1700-1715: Pause

1715-1900: Korleis styrkje målrørsla ideologisk og organisatorisk.   Framtida for nynorsken i lys av dette. Ved Ingar Arnøy. Innleiing og ordskifte.

1900-2000: Pause

2000 -   Middag og kveldssete

 

Søndag 24. november:

0915-1015: Det vitskaplege i Ivar Aasen sitt arbeid. Ved Ingar Arnøy

1015-1100: Diktaren Ivar Aasen. Samtale mellom Terje Aarset og underteikna. Samtalen tek utgangspunkt  i den nyutkomne praktboka Symra av nettopp Terje Aarset

1100-1115: Pause

1115-1245: Arbeidet i lokal- og fylkeslaga

  • Korleis gjere nynorsken synleg
  • Samarbeid med andre
  • Lag og organisasjonar
  • Kommunen
  • Skule og barnehagar
  • Biblioteka
  • Media
  • Næringslivet m.m.

Korte innleiingar ved Jostein O. Mo og Kristian Fuglseth

  • Idedugnad med både idear og konkrete døme
  • Oppsummering

1245-1315: Vurdering av seminaret og ymse

1315: Lunsj og vel heim

 

Ta kontakt med terje.kjode@tussa.com dersom du har spørsmål.

© Noregs Mållag 2020 - Sidene laga av Zetta AS