FRAMSIDA|MELD DEG INN|KALENDER|KONTAKT| 27. DESEMBER 2020

Sunnmøre Mållag Kontakt oss

Ros for nynorskbruk i næringslivet

Ellen Beate Wollen tok i mot målblome på vegne av Stranda SkisenterFleire verksemder i næringslivet byrjar å nytte nynorsk. Ei av dei siste er Stranda skisenter. Då private eigarar overtok etter kommunen, bytte dei frå bokmål til nynorsk. For dette vart verksemda ved Ellen-Beate Wollen (bilete) påskjøna med målblome og lovord på årsmøtet, der stemninga var god.

Bilete: Ellen Beate Wollen tok i mot målblome på vegne av Stranda Skisenter. T.v.: Terje Kjøde.

 

Årsmøtet 2014 samla i Nilsgardstunet i Stordal

Årsmøtet 2014 samla i Nilsgardstunet i Stordal

Auka medlemstal og god aktivitet

Sunnmøre Mållag er ein organisasjon i vekst. To siste åra har det kome til to nye lag, i Haram og i Sande. Det samla medlemstalet har i same tidsromet auka monaleg, og Sunnmøre Mållag har i dag 865 betalande medlemmer. Det er ein auke på 200 sidan 2010. No er det lag i alle kommunar bortsett frå Stranda og Stordal.

– Fleire lokallag arbeider godt både med rekruttering og aktivt målarbeid, fortel leiaren i laget, Terje Kjøde.
Dette kom fram i dei rapportane lokallaga la fram på årsmøtet i Stordal sist laurdag. Nynorskstafetten, Språkåret 2013 og 200-årsdagen for Ivar Aasen sin fødsel var sjølvsagt sentrale i arbeidsåret som var.

– Dei siste par åra har me lagt vekk på organisasjonsarbeid og skolering, seier Kjøde. Dette arbeidet vil halde fram. Det trengst, for gode organisasjonar treng både aktive medlemmer og dugande leiarar.

Nynorsk i næringslivet

Noko av det Kjøde gled seg mest over, er at fleire verksemder i næringslivet byrjar å nytte nynorsk. Ei av dei siste er Stranda skisenter. Då private eigarar overtok etter kommunen, bytte dei frå bokmål til nynorsk. For dette vart verksemda ved Ellen-Beate Wollen påskjøna med målblome og lovord på årsmøtet, der stemninga var god.

Det nye styret ser slik ut: Terje Kjøde, Ørsta (leiar), Iselin Nevstad Øvrelid og Kristian Fuglseth, begge Hareid, Kristian Stråmyr, Haram og Solveig Linge Stakkestad, Norddal.

Kristian Almås gav Marit Kaldhol blomar som takk for diktlesing og kåseri

Kristian Almås gav Marit Kaldhol blomar som takk for diktlesing og kåseri etter årsmøtet i Stordal.

Kristian Fuglseth heldt foredrag om språkhistorie

Kristian Fuglseth heldt foredrag om språkhistorie.

 

Kristian Almås og Marit Kaldhol

Kristian Almås og Marit Kaldhol.

© Noregs Mållag 2020 - Sidene laga av Zetta AS