FRAMSIDA|MELD DEG INN|KALENDER|KONTAKT| 27. DESEMBER 2020
Juristmållaget
E-post: rasberg @ gmail.com

Framsida Om oss Nyhende og aktuelt Organisasjon Jubileumsskrift 2010 Kontakt oss

Nynorsk skriveseminar

 (20.12.2007)

Velkomen til det årvisse nynorske skriveseminaret for jusstudentar og juristar, som denne vinteren finn stad på Haugastøl på Bergensbana 25. til 27. januar 2008.

På programmet står:
- Føredrag med mellom andre prof. dr. jurisane Kåre Lilleholt og Ola Mestad
- Skrivetrening med gjennomgang av tekstar
- Diskusjon av ord og omgrep
- Spørjeleik, song, skitur og andre sosiale aktivitetar

Pris: 300 kr for studentar, 600 for andre som betalar sjølv. Tillegg for enkeltrom. Medrekna i prisen er opphald og mat på Haugastøl frå fredag kveld til sundag føremiddag. Kvar og ein må dekkje reise sjølv.

Påmelding til Kari Hangeland Buvik, karihbuvik@googlemail.com innan 14.08.2008. Spørsmål kan rettast til henne på 45022007.

Tilskipinga er så langt støtta av Noregs Mållag, Kristiansand mållag og advokatfirmaet BAHR.

GOH
© Noregs Mållag 2020 - Sidene laga av Zetta AS