FRAMSIDA|MELD DEG INN|KALENDER|KONTAKT| 27. DESEMBER 2020
Juristmållaget
E-post: rasberg @ gmail.com

Framsida Om oss Nyhende og aktuelt Organisasjon Jubileumsskrift 2010 Kontakt oss

Nynorsk skriveseminar med Sylfest Lomheim og Ola Mestad

 (25.11.2008)

Juristmållaget skipar skriveseminar for jusstudentar, juristar og andre interesserte fredag 23. til sundag 25. januar 2009 på Haugastøl turistsenter.

Pris: 300 kr for studentar. 600 kr for andre som betalar sjølv (Merk: Tillegg for enkeltrom) . Medrekna i prisen er opphald og mat frå fredag kveld (enkel servering første kveld) til sundag føremiddag . Kvar og ein må dekkja reise sjølv, likevel slik at me prøver å samordna transport på billegaste måte. På programmet:

- Føredrag med professor dr juris Ola Mestad og direktør i Språkrådet Sylfest Lomheim om jus, språk og skriveteknikk - både for studentar og ferdige juristar

- Skrivetrening med gjennomgang av tekstar som deltakarane har levert inn

- Gjennomgang og diskusjon av ord og omgrep

- Skitur, song og andre sosiale aktivitetar

Påmelding til Merete Tollefsen, merete.tollefsen[krøllalfa]gmail.com, innan fredag 9, januar 2009. Merk at interessa er stor og at det ikkje er sikkert vi har plass til alle. Plassar vert tildelte etter påmeldingstidspunkt. Førstemann til mølla!

mt
© Noregs Mållag 2020 - Sidene laga av Zetta AS