FRAMSIDA|MELD DEG INN|KALENDER|KONTAKT| 27. DESEMBER 2020
Juristmållaget
E-post: rasberg @ gmail.com

Framsida Om oss Nyhende og aktuelt Organisasjon Jubileumsskrift 2010 Kontakt oss

ÅRSMØTE I JURISTMÅLLAGET 2009 MED KÅSERI FRÅ FINN-ERIK VINJE

 (19.03.2009)

Juristmållaget byr 31. mars 2009 kl 1800 inn til årsmøte. Før årsmøtet vil professor emeritus Finn-Erik Vinje kåsera om framlegget til språkleg fornying av Grunnlova som han står bak.

Tid: Tysdag 31. mars 2009 kl 18.00 presis. Dersom du ikkje skulle rekkja å vere presis, må du ringja Gunnar Hæreid (91 18 06 26) eller Jon Vegard Lervåg (91 64 72 09). Me må låsa ytterdøra når møtet byrjar.

Stad: Kluge advokatfirma, Fr Nansens pl 7, 0160 Oslo 23 13 92 00 (Fr Nansens pl er plassen på oversida av rådhuset. Inngang til Kluge på venstre sida av rådhuset, sett frå universitetet.)

Av omsyn til serveringa er det fint dersom den som har tenkt å koma seier ifrå.

Før sjølve årsmøtet tek til, kl 18.00: Ope føredrag:
«SPRÅKLEG FORNYING AV GRUNNLOVA»

Professor emeritus Finn-Erik Vinje kåserer om grunnlovsframlegget han og Carl I. Hagen står bak.

Deretter, om lag kl 19.00: Årsmøte
SAKLISTE FOR ÅRSMØTET:

1. Godkjenning av innkalling og sakliste

2. Konstituering av møtet

3. Årsmelding 2008

4. Rekneskap 2008

5. Arbeidsplan 2009

6. Årspengar 2010

7. Val

8. Utsendingar til landsmøtet

9. Ymse

10. Målprisen til Juristmållaget

© Noregs Mållag 2020 - Sidene laga av Zetta AS