FRAMSIDA|MELD DEG INN|KALENDER|KONTAKT| 27. DESEMBER 2020
Mediemållaget
v. B. Rekve, Dyretråkket 29 -
1251 Oslo
E-post: mediemallaget @ mediedagane.no

Framsida Nyhende, aktuelt, arkiv Dei nynorske mediedagane Språkråd Nynorsk redaktørpris Om oss Organisasjon Årsmøte 2017 Årsmøte 2013 Årsmøte 2012 Styret Årsmøte 2011 Årsmøte 2010 Årsmøtet i 2009 Årsmøtet i 2008 Årsmøtet i 2007 Lenkjer

Årsmelding for 2007

 (30.01.2008)

Organisasjonen
Styret og styrearbeidet
Styret for perioden 2007-2008:
Berit Rekve, Entusiastisk Kommunikasjon (leiar)
Judith Sørhus Litlehamar, Norsk Plan (nestleiar)
Grunde Grimstad, Finansavisen (kasserar)
Ingvild Aursøy Måseide, Vikebladet Vestposten (skrivar)
Arne Olav L. Hageberg, Tidsskrift for Norsk psykologforening (styremedlem)
Ingvild Bryn, NRK Dagsrevyen (1. vara)
Inger Johanne Sæterbakk, NRK Troms og Finnmark (2. vara)

Styret har hatt eitt møte i Oslo, seks telefonmøte og elles mykje kommunikasjon på telefon og e-post.

Medlemmer
Per 31.12.2007 var det registrert 109 medlemmer i Medie-mållaget, seks av desse var nye i 2007. 89 betalte kontingent for 2007. Sjå også fig. 1 nedanfor.

Noregs Mållags medlemsregister fungerer slik at innmelde medlemmer som ikkje har betalt kontingent tre år eller meir på rad, vert strokne. Nokre få har meldt seg ut, men det er ikkje oppgjeve utmeldingsgrunn.

Mediemållaget har medlemmer over heile landet, med unnatak for Nordland og Hedmark. Halvparten av medlemmene bur i Oslo. Medlemmene er i alderen 20-77 år, og gjennomsnittsalderen er 45,5 år. Om lag 60 % av medlemmene er såkalla hovudmedlemmer .

Samarbeid med andre
Noregs Mållag
Utover det vanlege samspelet med sentrallekken i Noregs Mållag har vi det siste året hatt eit utviklingssamarbeid i lag med dei andre yrkesmållaga. Dette skjer i hovudsak i eit leiarforum. Våren 2007 munna dette arbeidet ut i utgreiinga ”Ny giv for yrkesmållaga” . Resultatet av dette arbeidet er ei tydelegare oppfølging og satsing på desse laga. Det skal bety betre vilkår for og tilrettelegging av arbeidet vårt.
Kringkastingsringen
Kringkastingsringen og Mediemållaget har fleire saker til felles. Mellom anna samarbeider vi om møta med leiinga i NRK. Kringkastingsringen inviterer leiaren for Mediemållaget til å delta på styremøta deira. Førebels har leiaren vore til stades på to møte. Leiaren har fast spalte i bladet Kringom, medan dagleg leiar i Kringkastingsringen har spalte i Noregs Mållags medlemsavis Norsk Tidend.

21. januar 2008 vart det årlege møtet med NRK-leiinga halde. Tema for møtet var nynorsk og dialekt i NRK Super/barneprogram, gjennomføring av dei nye språkreglane og tekstinga på side 777 på tekst-TV. Til stades frå NRK: Kringkastingssjef Hans-Tore Bjerkaas, programredaktør Vibeke Fürst Hagen frå barne- og ungdomsavdelinga, og Brynjulf Handgaar, leiar for NRKs språkutval. Frå oss møtte Berit Rekve, frå Kringkstingsringen møtte styreleiar Håvard B. Øvregård og dagleg leiar Tarjei Vågstøl, og frå Noregs Mållag dagleg leiar Gro Morken Endresen.

I samband med jubileet har Kringkastingsringen gitt oss fagleg samarbeid om eit hovudfagsstipend i gåve. Dette kjem vi til å følgja opp i året som kjem.

Andre samarbeidspartnarar
Leiaren har hatt uformell kontakt med presseorganisasjonar og medieverksemder.

Mållaget i Kristiansand har invitert styret til samarbeid om utvikling av eit stipend for journaliststudentar. Det har vi takka ja til. Leiaren og nestleiaren har starta dialogen med laget i Kristiansand, som ønskjer å få stipendet på plass i løpet av kort tid.

Deltaking i ulike tilskipingar/reiser
• Noregs Mållags landsmøte på Værnes 27.-29. april: Vi stilte ikkje med eigne delegatar grunna dårleg økonomi, men styremedlem Ingvild Aursøy Måseide (delegat for
Sunnmøre Mållag) og leiar Berit Rekve (sentralstyre-medlem) var til stades.
• Utdeling av Kringkastingsprisen 2007 23. oktober: Leiaren deltok.
• Opning av Tidsskriftforeningens kontor i Litteraturhuset 14. desember: Leiaren deltok.
• Ingvild Bryn har vitja Mållaget i Kristiansand.
• Ingvild A. Måseide var til stades på Dei nynorske festspela.
• Ingvild Bryn har hatt engasjement i Sivle-jubileet (sam-arbeid mellom Riksmålsforbundet og Noregs Mållag).

Anna
• Inger Johanne Sæterbakk vart tildelt Alf Helleviks
mediemålpris.
• Ingvild Bryn sit i nemnda for Alf Helleviks mediemålpris.
• Inger Johanne Sæterbakk representerer Noregs Mållag i Riksfondet for nynorsk presse.

Tilskipingar og andre aktivitetar
Årsmøtet
Møtet vart halde i Skrivarstova til Noregs Mållag 21. januar. (Sjå referat under vedlegg bak i heftet.)

30-årsjubileet
Den store satsinga i 2007 var jubileumshelga. Fredag 2. november heldt vi Nynorsk bar i Presseklubben. Njål Engeseth frå NRK radio kåserte. Det var om lag 25 til stades.

Jubileumsseminaret vart halde i Litteraturhuset i Oslo
laurdag 3. november. Ved opninga vart Nynorsk redaktørpris utdelt.

Tema for seminaret var ”Det nynorske nyhendespråket” og ”Kva skjer med språket i sports- og underhaldningsjournalistikken?”. Ingvild Bryn intervjua Hetland og var leiar for ordskifta.

I panela deltok
- Einar Hålien, sjefredaktør i Bergens Tidende
- Astrid Versto, informasjonssjef på Slottet
- Harald Thingnes, journalist i NRK Sport
- Kjetil Haanes, leiar for Norsk Presseforbund/nestleiar i Norsk journalistlag
- Ingvild Kjøde, journalist i KK
- Arild Opheim, journalist i NRK P2 – Verdt å vite
- Håvard Folkedal, journalist i Avisa Hallingdølen.

Om lag 35 personar deltok på seminaret.
16 var med på middagen i Presseklubben.
Informasjonsverksemd i tilknyting til jubileet
Medlemmene vart informerte om datoen og rammene for jubileet på våren, og fekk program og påminningar utover hausten. Dessutan vart det sendt invitasjonar til utdanningsinstitusjonar og målrørsla, pressa og mange andre interessentar og organisasjonar. Seminaret var også omtalt i Kva skjer-oversynet i avisa Aften. For oversyn over pressedekning, sjå eige punkt om informasjons- og mediearbeid.

Arbeid overfor journaliststudentar
Ingvild Bryn har førelese på Mediehøgskolen Gimlekollen, på Nynorsk mediesenter og for elevar ved Danvik folkehøgskole.

Vi sende pressemelding til studentavisene der det er journalistutdanning i samband med jubileet.

Nynorsk redaktørpris og annan heider
Nynorsk redaktørpris for 2007 gjekk til Tom Hetland, sjefredaktør i Stavanger Aftenblad. Det var fjerde gong prisen vart delt ut. Dette er det tiltaket som gir oss mest merksemd i media. Vi har fått mange positive attendemeldingane frå pressefolk og andre for valet av Hetland.

Motemagasinet Elle, ved redaktør Signy Fardal, fekk målblome av oss då ho sleppte nynorsken til for første gong i aprilnummeret. Dette kom som eit resultat av at Ingvild Bryn utfordra henne under Kringkastingsringens seminar 20. januar 2007.

Brev gjekk ut til sentralbanksjef Svein Gjedrem med ros for bruk av nynorsk tale i Dagsrevyen, og til motemagasinet Kamille og til KK for nynorske artiklar.

Bergens Tidende-/Hus og Hjem-journalist Eva Røyrane fekk målblome for bruk av nynorsk i arkitektur- og designjournalistikk.

Kommunikasjons- og mediearbeid
Nettsider
Lagssida vår kom opp i mars 2007. Ho ligg under veven til Noregs Mållag, og har adressa www.nm.no/lag/mediemallaget. Det hadde truleg vore tenleg med eit eige domene, men dette er ein kostnad vi førebels ikkje har prioritert. Sidene inneheld kommentarar og pressemeldingar, ymse nyhendesaker frå målrørsla, organisasjonsstoff, fagfelta vi arbeider med og politikkområde som er interessante for oss. I snitt er det publisert om lag ei sak i veka sidan oppstarten. Adressa er www.nm.no/lag/mediemallaget.

Medlemsbrev
Det er sendt ut seks e-brev til medlemmene (to medlems-nytt, dessutan jubileumsinvitasjon på papir til dei 14 medlemmene vi ikkje har e-post til). Vi har e-post til drygt nitti medlemmer, noko som gjer kommunikasjonen
enklare og rimelegare.

Pressemeldingar og mediedekning
Pressemeldinga om styrevalet under årsmøtet er omtalt i Nationen, Vikebladet/Vestposten og på nynorsk.no.

Saka om nynorsk i Elle er omtalt i Bergens Tidende, Norsk Tidend.

Dag og Tid og Nynorsk Pressekontor hadde jubileums-
intervju med leiaren.

Nynorsk redaktørpris er omtalt i om lag 30 nett- og papir-aviser.

Fast spalte i Kringom
Leiaren har skrive kommentarar til spalten i dei tre nummera av Kringom som har kome ut i løpet av arbeidsåret. Desse ligg på nettsida.

Økonomi
Den einaste faste inntekta vi har, er lagsdelen av kontingenten til Noregs Mållag. Dei siste åra har denne vore på kr 40,- per medlem. Det seier seg sjølv at dette ikkje er nok til å drifta eit lag og styrearbeidet. I samband med jubileet søkte vi både Noregs Mållag og Mållaget i Kristiansand om 10 000 kr. Begge søknadene vart innvilga. Utan desse 20 000 kronene hadde det ikkje vore mogleg å markera jubileet slik vi gjorde. (Sjå elles eigne saker om økonomi.)

© Noregs Mållag 2020 - Sidene laga av Zetta AS