Ansvarleg redaktør og administrerande direktør i VG, Gard Steiro, får Nynorsk redaktørpris for 2017.
Steiro får prisen for å ha opna opp for nynorsk på redaksjonell plass i VG.
- Når Mediemållaget i år feirar 40 år, og vi dessutan står framfor feiringa av 200-årsdagen til Aasmund Olavsson Vinje, pressemannen som alle norske mediefolk står på akslene til, er det gildt å kunna tildela nett denne prisen, seier Berit Rekve, leiar for Mediemållaget
Grunngjeving:
Opninga for nynorsk på redaksjonell plass i VG er ei historisk vending. Det viser språkleg leiarskap og forståing for språksituasjonen og nynorsk som jamstilt riksspråk. Opninga for nynorsk er i ånda til jamstellingsvedtaket frå 1885.
Ansvarleg redaktør Gard Steiro har eit respektfullt og inkluderande syn på lesaren og set det i samanheng med ønsket om at mediehuset han er leiar for skal vera for heile folket. Dette inngår i ei forståing for kor avgjerande eit inkluderande og vidt offentleg ordskifte er for media, for styrking av tillit og mindre fragmentering.
For alle lesarar, men særleg for born og unge som skal læra å finna si eiga skriftlege røyst, er det vesentleg å møta aksept for språket sitt i dei store media, anten det er på papir eller andre plattformer. I vår digitale verd er vegen til denne lesaren over heile landet kortare og enklare enn før. At nett VG vil publisera artiklar på nynorsk om mange tema, er eit signal til nynorskbrukarar om at språket er likeverdig og like brukande i alle samanhengar som bokmål, at jamstellinga og mangfaldet har verdi.
Les meir
|
Deltek du i Norsk Tippings spel? No kan du stø Mediemållaget ved å velja laget til Grasrotandelen. Les meir om korleis du gjer det på her. 5 % av innsatsen går til laget du vel.
- All støtte har stor tyding for arbeidet vårt, seier Berit Rekve, leiar for Mediemållaget.
Les meir
|
Tid: torsdag 1. mars kl. 18.00
Stad: Skrivarstova til Noregs Mållag, Lilletorget 1.
Møt fram litt før nede ved inngangen. Vi hentar folk rett før kl. 18.00
Temadel: Meir nynorsk i media - kva har vi i verktøykassa?
Korleis kan vi styrkja det redaksjonelle arbeidet?
Ingvild Bryn, fung. språksjef i NRK snakkar om arbeidet i NRK
Jens Kihl, nestleiar i Noregs Mållag og journalist i Klassekampen presenterer prosjekt om nynorsk i redaksjonane
Og så tek vi ei litt forseinka 40-årsfeiring.
Les meir
|
- Det er verkeleg gledeleg og på høg tid at VG no opnar for meir nynorsk. Dette er ein av dei viktige framgstega for nynorsk i media, seier leier for Mediemållaget, Berit Rekve. Til Framtida.no seier VG-sjef Gard Steiro at ein har vore for rigid og at ein tenkjer å mjuka opp språkreglane noko.
- Vi vil oppmoda Dagbladet og Aftenposten om å ta utfordringa og å følgja etter VG og Gard Steiro, seier Rekve.
Les meir
|
Årsmøtet i Mediemållaget valde desse til styret for 2017-18:
Berit Rekve, leiar (attval)
Line Omland Eilevstjønn, Vest-Telemark Blad (ikkje på val)
Andrea Øien Sæverud, Nynorsk Pressekontor (attval)
Hild Nordal, Sunnmørsposten (ny)
Christian Fr. Stabell, 1. vara, pensjonist. tidl. redaktør for Os og Fusaposten (attval).
Liv Hege Nylund, 2. vara, frilans skodespelar (ny)
Vi takkar Grunde Grimstad, Stine Hommedal, Anne Lognvik og Jan Fossen for innsatsen i styret.
|
Vi deler og publiserer fleire aktuelle saker på Facebook-sida vår. Den finn du her.
Ein treng ikkje ha eigen profil for å finna stoffet vårt der.
Du finn oss på Twitter òg: @Mediemallaget
|

Mediemållaget tildeler ansvarleg redaktør for Klassekampen, Bjørgulv Braanen, Nynorsk redaktørpris for 2014.
Føremålet med prisen er å heidra dei redaktørane som gjer ein ekstra innsats for nynorsk som mediespråk. Redaktørane er premissleverandørar for språkpolitikk og språkhaldningar i sine redaksjonar. Mediemållaget ønskjer å framheva dei redaktørane som gir nynorsken gode levekår i journalistikken.
Ein kan driva god språkleg leiarskap og få denne prisen utan å vera nynorskskrivande sjølv. Fleire tidlegare vinnarar er i den kategorien. Det gjeld òg vinnaren av Nynorsk redaktørpris for 2014.
Les meir
|
- Nynorsk luktar ulikt i ulike medium. Det skriv Torgeir DImmen, leiar for Nasjonalt senter for nynorsk i opplæringa, i ein kommentar hjå journalisten.no - Den som forstår kva nyhendeankera Arill Riise og Ingvild Bryn seier, vil også forstå manuskripta deira. Les meir
|