FRAMSIDA|MELD DEG INN|KALENDER|KONTAKT| 27. DESEMBER 2020
Mediemållaget
v. B. Rekve, Dyretråkket 29 -
1251 Oslo
E-post: mediemallaget @ mediedagane.no

Framsida Nyhende, aktuelt, arkiv Arkiv 2013 Arkiv 2014 Arkiv 2015 Pressemeldingar Kommentarar Logoar og bilete Arkiv 2012 Arkiv 2011 Arkiv 2010 Arkiv 2009 Arkiv 2008 Arkiv 2007 Dei nynorske mediedagane Språkråd Nynorsk redaktørpris Om oss Organisasjon Lenkjer

Få gode råd på kort tid: Lynkurs i nynorsk - med noko attåt!

Torsdag 26. februar blir det nynorskkurs på Høgskolen i Oslo (HiO). Vi har fått nynorskekspert Asgeir Olden frå Institutt for journalistikk, Ingvild Bryn frå Dagsrevyen og fleire andre til å laga ein heil dag med nynorsk og pressespråk. Dette er eit samarbeid mellom HiO, Mediemållaget, Norsk Journalistlags studentlag ved HiO.
- Vi trur dette blir eit morosamt og inspirerande kurs, seier seminarleiar Ingvild Bryn.

Tid og stad
Torsdag 26. februar
Pilestredet 46, Auditorium Athene 1, Høgskolen i Oslo.

PROGRAM
8.30-9.15:
Professor, dr.philos Thore Roksvold: Språkhistorisk utvikling i pressa.

9.30-10.15
Journalist Ingvild Bryn, NRK Dagsrevyen: Språket i NRK - på godt og vondt.

10.15-11.30
Forfattar og journalist Brynjulf Jung Tjønn (tidlegare student ved journalistutdanninga på Høgskulen) kjem innom for å snakka om kvifor han synest nynorsk var så vanskeleg at han skifta til bokmål.

Nynorskekspert Asgeir Olden frå Institutt for journalistikk kan gi svar på det som er vanskeleg:
- Kva er dei viktigaste nynorsk-feila vi gjer?

11.30-12.00: Lunsjpause

12.00-ca.13.30
Asgeir Olden held fram med sitt lynkurs i nynorsk, i denne bolken med vekt på hovudskildnaden mellom bokmål og nynorsk.

Enkle oppgåver (anonymt - ingen grunn til å vera redd for å feila)

Mot slutten av kurset kjem Mari Hauge Åsland (student ved journalistutdanninga) og Pål Garmann Sørheim (student ved lærarutdanninga) for å snakka om kva plass nynorsken har ved journalist- og lærarutdanningane.

Seminarleiar gjennom kurset er Ingvild Bryn.

Alle er hjarteleg velkomne!

Pris: Gratis for studentar ved HiO og medlemmer av Mediemållaget.
Andre kr 200,- .
Studentar ved HiO treng ikkje melda seg på, andre sender påmelding til mediemaallaget@nynorsk.no

Om du ikkje har høve til å vera med frå så tidleg som 8.30, er det mogleg å koma ved byrjinga av seinare programpostar.

Arr.: Mediemållaget i samarbeid med Norsk Journalistlags studentlag ved Høgskolen i Oslo.



© Noregs Mållag 2020 - Sidene laga av Zetta AS