FRAMSIDA|MELD DEG INN|KALENDER|KONTAKT| 27. DESEMBER 2020
Mediemållaget
v. B. Rekve, Dyretråkket 29 -
1251 Oslo
E-post: mediemallaget @ mediedagane.no

Framsida Nyhende, aktuelt, arkiv Arkiv 2013 Arkiv 2014 Arkiv 2015 Pressemeldingar Kommentarar Logoar og bilete Arkiv 2012 Arkiv 2011 Arkiv 2010 Arkiv 2009 Arkiv 2008 Arkiv 2007 Dei nynorske mediedagane Språkråd Nynorsk redaktørpris Om oss Organisasjon Lenkjer

- TV2 må bli verande i Bergen

 (19.07.2009)

Hordaland Mållag bed sentrale styresmakter om at dei organiserer arbeidsvilkåra for TV2 slik at mediehuset kan halda fram med hovudkontor i Bergen.

Hordaland Mållag bed sentrale styresmakter om at dei organiserer arbeidsvilkåra for TV2 slik at mediehuset kan halda fram med hovudkontor i Bergen. Fjernsynskonsernet har varsla at dei har problem med å greia seg øknomisk med dei rammevilkåra dei har i dag ,og står dermed i fare for å flytta ut av Bergen og til Austlandet, trass i at dei gjerne vil halda fram som allmennkringkastar i denne byen.

-Om TV2 skulle finna det naudsynt å flytta verksemda ut frå hovudstaden på Vestlandet, ville det vera eit særs alvorleg tilbakesteg for språkleg og kulturelt mangfald , for desentralisering, distriktsutbygging og for ei medieutvikling som Vestlandet og nasjonen elles treng i tida frametter.

Dette skriv Hordaland Mållag i eit brev til Kultur- og kyrkjedepartementet, Nærings- og handelsdepartementet , og til Familie- og kulturkomiteen og Næringskomiteen på Stortinget. I brevet held mållaget fram at sidan starten i 1992 har eit stort publikum her i landet kunna gleda seg over sendingane frå TV2.

-Ikkje minst har folk i Hordaland og på Vestlandet elles fått gode og stimulerande kultur- og nyhendeimpulsar frå inn- og utland. Det riksdekkande kultur- og nyhendebiletet vårt er vorte rikare og meir mangfaldig på dette viset.

-Utan TV2 ville ikkje Bergen blitt den vitale mediebyen den er i dag. Gjennom eit aktivt samspel med mellom anna næringsliv og politiske og akademiske miljø her vest har TV2 fått fram stoff som elles ikkje ville ha vore så synleg på det nasjonale planet.

Byen, fylket og landsdelen er profilerte med ei slagkraft som ville vore utenkjeleg dersom dette medieselskapet ikkje hadde hatt hovudsete i Bergen,heiter det. Hordaland Mållag minner om at laget på årsmøtet sitt i mars i år heidra TV2 med Målprisen for 2009 for omfattande og god bruk av nynorsk og dialektar i sendingane. Pristildelinga vart mellom anna grunngjeven med at denne målbruken ” er utan minste tvil av dei kreftene som medverkar sterkast til at nynorsk tale- og skriftmål har ei sterk og respektert stilling her i landet.

- Me vil stø selskapet sine ynskje om betre tilgang til sjåarar og reklameinntekter, og bed styresmaktene om at dei i det heile organiserer rammevilkåra slik at TV2 kan verta verande i Bergen, heiter det til slutt i brevet.

Pressemelding Hordaland Mållag

© Noregs Mållag 2020 - Sidene laga av Zetta AS