FRAMSIDA|MELD DEG INN|KALENDER|KONTAKT| 27. DESEMBER 2020
Mediemållaget
v. B. Rekve, Dyretråkket 29 -
1251 Oslo
E-post: mediemallaget @ mediedagane.no

Framsida Nyhende, aktuelt, arkiv Arkiv 2013 Arkiv 2014 Arkiv 2015 Pressemeldingar Kommentarar Logoar og bilete Arkiv 2012 Arkiv 2011 Arkiv 2010 Arkiv 2009 Arkiv 2008 Arkiv 2007 Dei nynorske mediedagane Språkråd Nynorsk redaktørpris Om oss Organisasjon Lenkjer

Dei nynorske mediedagane 2009

Programmet for Dei nynorske mediedagane 1.-3. oktober er no klart. Vi
ønskjer deg hjarteleg velkomen!

Nyfiken på kven som får Nynorsk redaktørpris 2009? Det får du vita på Den nynorske mediefesten i Litteraturhuset 2. oktober.

Det vert feiring av Nynorsk Pressekontors 40-årsjubileum, kurs og seminar, lesestund for dei minste, Kringkastingsringens seminar om TV2, quiz og pressehistorie.



Arnhild Skre og Arne Hjeltnes kjem, kjem du?








Velkomen til Dei nynorske mediedagane

Det er ei glede for Mediemållaget nok ein gong å ønskja velkomen til Dei nynorske mediedagane i Litteraturhuset i Oslo.

Føremålet er å skapa ein møteplass for å fremja og utvikla den nynorske mediekulturen. Mange verksemder og organisasjonar frå medieverda og nynorskmiljøet er samarbeidspartnarar og bidragsytarar. Vi i Mediemållaget er svært glade for det gode samarbeidet med desse.

Dei nynorske mediedagane er opne for alle interesserte. Mediemållaget ønskjer deg hjarteleg velkommen seminar, kurs, faglege ordskifte, jubileum, prisutdeling og fest!


TORSDAG 1. OKTOBER
10.00 – 16.00 i Kverneland
Nynorskkurs for journalistar og kommunikatørar
Førelesar: Asgeir Olden, Institutt for journalistikk
Pris: kr 400,-.
Påmelding til mediemallaget@nynorsk.no seinast dagen før.
Arr.: Mediemållaget og Institutt for journalistikk

17.00 - 18.30 i Kverneland
Bladet Fedraheimen. Anarkisme på norsk
Ole Dalhaug, Arnhild Skre og fleire vil fortelja om den andre nynorske
riksavisa, Fedraheimen, som Ivar Mortenson Egnund, Arne Garborg o.fl. utvikla til eit anarkistorgan norsk målrørsle sjeldan vedkjenner seg.
Arr.: Norsk Pressehistorisk Forening

19.00 i Kafé Oslo
[Quizen er diverre avlyst, men vi samlast til hyggjeleg lag etter føredraget om Fedraheimen.]
Nynorsk bar med Bokdykks quiz
Quizmeister: Anne Gaathaug.
Meld på lag med inntil fem personar.
Påmelding til mediemallaget@nynorsk.no seinast dagen før.
Arr.: Bokdykk

FREDAG 2. OKTOBER
10.00 - 17.00 i Kverneland
Essaykurs
Lær å skrive meir personleg, utfordrande, utforskande og betre. Om essayistikkens historie, særpreg og mulegheiter. Blant føredragshaldarar er det både forfattarar og akademikarar.

Kurset passar for journalistar, forfattarar, skribentar, akademikarar og andre som vil utvikle det skrivande uttrykket sitt.

Pris: kr. 800,-
Påmelding til: bente.riise@synogsegn.no
Arr.: Tidsskriftet Syn og Segn

11.00 – 12.30 i Amalie Skram
Nynorsk i media: frå erfaring til endring
Ope møte om Vinje-fondet som kjelde for meir nynorsk i media.
Programleiar: Magni Hjertenes Flyum
Innleiingar av Ottar Grepstad m. fl.
Arr.: Mediemållaget og Ivar Aasen-tunet

14.00 – 18.00 i Amalie Skram
Nynorsk Pressekontor 40 år
Seminar: Utfordringar for språket og journalistikken når ein skriv for nettet.
Presentasjon av ”NPK-språket” - ei ordbok som blir den framtidige høgrehanda til alle nynorskskrivande journalistar.
Arr.: Nynorsk Pressekontor

19.00 i Wergeland
Den nynorske mediefesten
Utdeling av Nynorsk redaktørpris for 2009
Gjester: Arne Hjeltnes, Erling Lægreid m.fl.
Konsert: ”Språkleg songfald” – Gabriel Fliflet med Sigrid Moldestad og Olav Tveitane.
Pris: kr 100,-.
Arr.: Mediemållaget

LAURDAG 3. OKTOBER
12.00 – 16.00 i Amalie Skram
Seminar: "TV2 - framleis dialektkanal?”
Heilt sidan starten har TV2 markert seg ved å vera opne for å bruka dialektar i alle programtypar. I år går konsesjonen for allmennkringkasting ut, og TV2 har ikkje søkt om fornying. Korleis kjem språkprofilen til kanalen til å sjå ut i framtida når dei ikkje lenger er bundne av konsesjonsvilkåra om språkleg mangfald?

På seminaret set vi søkjeljos på TV2-språket, både i fortida og framtida. Vi har invitert TV2 til å svara på kva språkprofil dei planlegg, og kva vilkår som må til for å vidareføra dialektmangfaldet".
Arr.: Kringkastingsringen

12.00 - 15.00 i Sjeherasad
Høgtlesing for dei yngste og konkurransar med nynorske barnebokpremiar.
Arr.: Blåmann Barnebokklubb

© Noregs Mållag 2020 - Sidene laga av Zetta AS