FRAMSIDA|MELD DEG INN|KALENDER|KONTAKT| 27. DESEMBER 2020
Mediemållaget
v. B. Rekve, Dyretråkket 29 -
1251 Oslo
E-post: mediemallaget @ mediedagane.no

Framsida Nyhende, aktuelt, arkiv Arkiv 2013 Arkiv 2014 Arkiv 2015 Pressemeldingar Kommentarar Logoar og bilete Arkiv 2012 Arkiv 2011 Arkiv 2010 Arkiv 2009 Arkiv 2008 Arkiv 2007 Dei nynorske mediedagane Språkråd Nynorsk redaktørpris Om oss Organisasjon Lenkjer

Nynorskpraktikant i Aura Avis

 (28.11.2009)

Riksfondet for nynorsk presse har gitt 25 000 kroner i støtte til Nordmøre Mållag som skal gå til å finansiere ein praksisplass i Aura Avis, melder laget.

Idéen om å skaffe praktikant til lokalavisa kom opp for 4-5 år sidan i eit møte Ingar Arnøy og Nils Ulvund, prosjektleiar i Nordmøre Mållag, hadde med redaktør Lars Steinar Ansnes i Aura Avis. Seinare og spesielt etter seminaret om avisspråk i mars 2008, har redaktøren vore positiv til å sleppe til meir nynorsk i avisa. I kontakt med Ålvundfjord og Ålvundeid Mållag har avisa ytra ønske om å få tak i ein journalistpraktikant som skriv nynorsk. Avisa har sjølv ikkje midlar til praktikant. Nytilsetting er heller ikkje aktuelt i avisa i nær framtid.

25 000 kroner i støtte
Difor gjekk Ålvundfjord og Ålvundeid Mållag til Nordmøre Mållag og Nils Ulvund for å leita etter måtar å finansiere ei slik stilling på. No har Riksfondet for nynorsk presse løyvd 25 000 kroner som skal finansiere ein nynorskpraktikant. Pengane blir utbetalte når ein praktikant er på plass. I tillegg til praktikantløna gjev Nordmøre Mållag stipend på 5 000 kroner.

- Dette syner at alt er mogleg, seier ein oppglødd Nils Ulvund.

- No er det berre å finne rett praktikant. Det er enno ikkje heilt spikra når praksisperioden skal vere, men eg kan ikkje skjøne anna enn at det må gjere det enklare å få journalistspirer til å søkje når dei og får stipend. Om nokon har idéar om korleis me kan få ein dyktig nynorskskrivande journalist til Nordmøre tek eg imot framlegg med takk.

Kjartan Helleve, Noregs Mållag

© Noregs Mållag 2020 - Sidene laga av Zetta AS