Norsk Tipping har førebels ikkje informasjons- og vervemateriell for Grasrotandelen på nynorsk. Til no har elleve mållag registrert seg for å kunna ta del i ordninga.
- Eg har vore i kontakt med dei i dag og det er von om at det skal koma snart, seier leiar for Mediemållaget, Berit Rekve.
- Det er litt pinleg for oss å nytta materiell på bokmål når sjølve lagsverksemda er arbeidet for nynorsken. Men dette gjeld no for idrettslag og andre som nyttar nynorsk òg, seier Rekve.
- Norsk Tipping forvaltar denne ordninga og alle tippemidla på vegne av heile det frivillige Noreg. Difor ser vi det som heilt naturleg at dei er mykje betre til å nytta nynorsk, men særleg må dette gjelda tilfanget av materiell som er laga til eige bruk for dei frivillige laga, avsluttar Rekve.