Fristen for å koma med framlegg er 1. mars. Juryen er særleg ute etter kandidatar frå lokalavisene.
Utdelinga skjer fredag 29.juni, under Dei nynorske festspela i Ørsta.
Kulturdepartementets nynorskpris for journalistar har vore delt ut sidan 2006. Desse har fått prisen : Linda Eide, NRK, Kjell-Erik Kallset, Dagsavisen (no Klassekampen), Odd Reidar Solem, TV2, Ronny Brede Aase, NRK P3, Astrid Brekken, NRK P2 og Njord V. Svendsen, tidlegare journalist i Bergens Tidende.
De finn meir om nynorskprisen for journalistar
her.