FRAMSIDA|MELD DEG INN|KALENDER|KONTAKT| 27. DESEMBER 2020
Mediemållaget
v. B. Rekve, Dyretråkket 29 -
1251 Oslo
E-post: mediemallaget @ mediedagane.no

Framsida Nyhende, aktuelt, arkiv Arkiv 2013 Arkiv 2014 Arkiv 2015 Pressemeldingar Kommentarar Logoar og bilete Arkiv 2012 Arkiv 2011 Arkiv 2010 Arkiv 2009 Arkiv 2008 Arkiv 2007 Dei nynorske mediedagane Språkråd Nynorsk redaktørpris Om oss Organisasjon Lenkjer

Normert tale viktig i nyhendesendingane

 (16.12.2009)

- Det er viktig at normert tale vert brukt i nyhendesendingar som Dagsrevyen og Dagsnytt, seier leiar for Mediemållaget, Berit Rekve.
Temaet er aktualisert etter at Ingerid Stenvold fekk dispensasjon som anker i Dagsrevyen.

- Stenvold er ein dyktig journalist og klår og tydeleg språkbrukar, men denne dispensasjonen er ikkje uproblematisk. Ein kan ikkje ha ein politikk for éin spesiell dialekt eller dialektbrukar. Kvar går skiljet mellom kven og kva som er bra nok og ikkje?

Vi meiner det skal vera normert nynorsk eller bokmål i nyhendesendingar. Vi har oppfatta at dette er regelen og at nett det er bakgrunnen for dispensasjonssaka. Både vi og Mållaget har peika på dette i møte med NRK-leiinga.

- NRK har til dømes hatt mange dyktige nynorskrøyster gjennom tida. Desse er eit viktig bidrag til den røysta ein ofte treng å ha i hovudet når ein skal skriva. Det er bra at det vert tala normert med ulik språktone, som nordnorsk og sørlandsk til dømes. Dette har mellom anna Nynorsk mediesenter medverka til.

Les meir om saka i VG.
Kommentar frå Rekve etter at dei nye reglane var vedtekne i juni 2007

© Noregs Mållag 2020 - Sidene laga av Zetta AS