FRAMSIDA|MELD DEG INN|KALENDER|KONTAKT| 27. DESEMBER 2020
Mediemållaget
v. B. Rekve, Dyretråkket 29 -
1251 Oslo
E-post: mediemallaget @ mediedagane.no

Framsida Nyhende, aktuelt, arkiv Arkiv 2013 Arkiv 2014 Arkiv 2015 Pressemeldingar Kommentarar Logoar og bilete Arkiv 2012 Arkiv 2011 Arkiv 2010 Arkiv 2009 Arkiv 2008 Arkiv 2007 Dei nynorske mediedagane Språkråd Nynorsk redaktørpris Om oss Organisasjon Lenkjer

Tom Hetland i Aftenbladet fekk Nynorsk redaktørpris

 (03.11.2007)

– Det er ei glede for styret i Mediemållaget å presentera årets prisvinnar, seier leiar Berit Rekve.

– Prisvinnaren er ein redaktør som lèt medarbeidarane skriva i den målforma dei ønskjer. Ved at han også sjølv så gjennomført nyttar nynorsk, er sjefredaktøren med og gir eit tryggare rom for nynorsk journalistikk.

Grunngjeving
Sjefredaktør Tom Hetland trur på språkleg fridom. Han lèt medarbeidarane skriva i den målforma dei ønskjer, og er kjend for å oppmoda folk om å skriva nynorsk. Hetland er også oppteken av at deskmedarbeidarane skal kunna bruka både bokmål og nynorsk. Ved at han også sjølv så gjennomført nyttar nynorsk, er sjefredaktøren med og gir eit tryggare rom for bruk og utvikling av nynorsk i journalistikken.

Om prisvinnaren
Tom Hetland vart sjefredaktør for Stavanger Aftenblad i 2002. Han kom til Aftenbladet i 1986, og vart politisk redaktør i 2000. Hetland er også styremedlem i NTB.

Hetland er frå Sandnes, men har budd på Bryne i 20 år. Han er utdanna cand.philol. fra Universitetet i Bergen 1983, med historie hovudfag, russisk mellomfag og nordisk grunnfag. Tidlegare har han arbeidd i avisene Dagbladet Rogaland (1973-74), Telemarkingen (1979-81) og Midhordland (1983-85), og som informasjonskonsulent på Universitetet i Bergen (1985-86).

For kommentarar om tildelinga:
Berit Rekve, leiar for Mediemållaget, 958 70 611
Tom Hetland, sjefredaktør Stavanger Aftenblad, 911 87 478

(foto: Arne Olav L. Hageberg)

© Noregs Mållag 2020 - Sidene laga av Zetta AS