FRAMSIDA|MELD DEG INN|KALENDER|KONTAKT| 27. DESEMBER 2020
Mediemållaget
v. B. Rekve, Dyretråkket 29 -
1251 Oslo
E-post: mediemallaget @ mediedagane.no

Framsida Nyhende, aktuelt, arkiv Arkiv 2013 Arkiv 2014 Arkiv 2015 Pressemeldingar Kommentarar Logoar og bilete Arkiv 2012 Arkiv 2011 Arkiv 2010 Arkiv 2009 Arkiv 2008 Arkiv 2007 Dei nynorske mediedagane Språkråd Nynorsk redaktørpris Om oss Organisasjon Lenkjer

Tove Lie ny forlagsdirektør i Det Norske Samlaget

 (02.03.2008)

Tove Lie (44) er tilsett som ny forlagsdirektør i Det Norske Samlaget.

Tove Lie kjem frå Trysil og har jobba i Nationen i 12 år. Dei siste tre åra som ansvarleg redaktør og administrerande direktør.




Lie har lang og brei erfaring frå mediebransjen, mellom anna fagpresse, Klassekampen og Ny Tid. Ho har vore journalist, vaktsjef, redaksjonssjef og nyheitsredaktør. Lie har som redaktør i Nationen også blitt tildelt Nynorsk redaktørpris.

– Styret er svært nøgd med at Tove Lie har sagt ja til å etterfølgje Nina Refseth som forlagsdirektør i Det Norske Samlaget. Ho er ein erfaren leiar som er van med å jobbe i grenseland mellom børs og katedral, og har eit verdigrunnlag som passar svært godt i forhold til Samlaget. Vi ser fram til det vidare samarbeidet med Tove Lie, seier styreleiar Siri Hatlen.

–Samlaget har ei viktig samfunnsoppgåve, dyktige medarbeidarar og gode forfattarar, som alle brenn for gode bøker. Eg gleder meg til å jobbe i lag med dei alle saman. Eg har fått ein spennande og utfordrande jobb som eg ser fram til å ta fatt på, seier Tove Lie.

Tidspunkt for tiltreding vil bli avtala nærare.

For meir informasjon, ta kontakt med:
Styreleiar Siri Hatlen tlf. 917 44 863 eller Tove Lie tlf. 913 22 012.
Foto: Siri Vaggen Olsen
(Pressemelding frå Samlaget)

© Noregs Mållag 2020 - Sidene laga av Zetta AS