Dialektpris til Linda Eide
(13.10.2008) Journalist og programleiar Linda Eide frå Voss fekk Dialektprisen 2008 av Norsk Målungdom. Mediemållaget gratulerer!
- Eide er eit førebilete for ungdom. Ho held på nynorsken og dialekten på ein flott måte, og er i alt ho gjer eit menneske med høg integritet - ho vågar å vere seg sjølv. Dialektane i Noreg er under press, og det er godt å ha folk som Linda Eide som står mot presset, sa NMU-leiar Jens Kihl under prisutdelinga.
Prisvinnaren sjølv la vekt på at det faktisk ikkje er så lenge sidan det ikkje var sjølvsagt å snakke dialekt i radio og tv, men var glad for at dette no er akseptert.
- For meg er det viktig å snakke dialekt når eg ytrar meg, slo Linda Eide fast.
Linda Eide mottok Dialektprisen på Mangfaldsseminaret til Norsk Målungdom i Bergen. På same seminar sparka målungdomen i gong ein nasjonal dialektkampanje der målet er å få fleire unge til å halde på dialekten deira.
Dialektprisen har blitt delt ut sidan 2001, og har mellom anna gått til Are og Odin, Ravi og Hopalong Knut. I fjor gjekk han til skodespelar Ingrid Bolsø Berdal.
Pressemelding NMU
|
|