Avisa Valdres 29. november 2008:
Seks journaliststudentar har søkt om å få stipendet på inntil 10 000 kroner per semester frå Mållaget i Kristiansand.
Den nyoppretta stipendordninga skal gå til ein journaliststudent som ønskjer å bruke nynorsk i studiet og seinare i arbeidslivet.
– Vi har fått inn seks søknader og har sendt papira over til juryen
som skal bestemme kven som får stipendet, opplyser Oddmund Viken,
dagleg leiar i Mållaget i Kristiansand. Studenten som får stipendet, kan
få inntil 10.000 kroner kvart semester i inntil tre år. Maksimalt
kan kvar student få 60.000 kroner. I tillegg til pengane, blir det oppretta
ein arbeidsplass for studenten i redaksjonen til Nynorsk Pressekontor. Stipendiaten får også tilgang til ein fadder i redaksjonen og kan nytte seg av heile det faglege miljøet i NPK og NTB. Sjølv om det er Mållaget i Kristiansand
som tilbyr stipendet, kan pengane gå til ein søkjar utanfor Agder, om det ikkje er gode søkjarar frå sørlandsfylka.
Om stipendordninga.