Kringkastingsringens seminar: Internasjonalt blikk på kringkasting og språk
(15.08.2010) Laurdag 23. oktober, kl. 10.00Også i år held Kringkastingsringen seminaret sitt under Mediedagane. Det vert eit internasjonalt seminar om kringkasting i Europa.
Søkjelys på språkleg jamstilling i ein del europeiske land: korleis forheld europeiske styresmakter seg til språkleg mangfald i etermedia? Korleis skil situasjonen seg frå den norske, og kvifor? Kva rolle spelar nasjonalitet, folkerørsler og EU i dette biletet? Seminaret er støtta av Utanriksdepartementet.
Førebels program: 10.00–10.15 Velkomen v/leiar Martin Toft
10.15–11.45 Kva er språkpolitikken til EU – og kva har han å seie for språkleg mangfald i kringkastinga?
Pause med føremiddagsmat (?)
13.00–14.30 Språkleg mangfald i kringkastinga. Røynsler frå Catalonia
Pause
15.00–16.00 Minoritets- og mindretalsspråk i kringkastinga i Norden
Pause
16.15–17.45 Kommersialiseringa av kringkastinga i Europa. Farer og moglegheiter for minoritets- og mindretalsspråk frametter. Paneldebatt
|