FRAMSIDA|MELD DEG INN|KALENDER|KONTAKT| 27. DESEMBER 2020

Sunnmøre Mållag Kontakt oss

Samarbeid med barnehagane

 (29.11.2011)

Terje Kjøde i møte med Volda kommune
- Gjennom ord blir verda stor-kampanjen er både viktig og stimulerande, uttrykkjer tilsette både i barnehagar og skular etter besøk frå mållaget.

Denne månaden har mållagsleiar Terje Kjøde invitert til samarbeid og delt ut materiell til bruk i barnehagane både i Volda kommune og Sande kommune.

Møte med tilsette i Sande kommune

Frå møtet i Volda kommune. Bak frå venstre: Sigrid Aasen Lødemel, Bodil Brautaset, Terje Kjøde frå mållaget, Dagny Rafteseth Wangen og Christel Olsen. Framme: barnehagesjef Reidun Klepp Nilsen.

- I Volda tek vi sikte på eit møte med barnehageforeldra, sansynlegvis i samarbeid med Ørsta mållag, fortel Kjøde.
Dette har vore gjennomført tidlegare, og vi har fått positive tilbakemeldingar frå foreldre som set pris på at ein fokuserer på språket i barnehagen.

- Foreldre vil mellom anna ha tips om lese- og songbøker på nynorsk, og det har vi med, saman med anna materiell.

Møte med tilsette i Sande kommune

Frå møtet i Sande kommune. Bak frå venstre Hege Beitveit, Ellinor O. Moldskred og Brynhild Mykkeltveit. Sitjande: Margrethe Kvamme, Elin Muren Rokstad og Randi Støylen.

I Sande vil mållaget også forsøke å gjennomføre besøk på fleire barnehagar. Der har Marie Lovise Vidnes alt vore med til Gjerdsvika barnehage, og styrar Margrethe Kvamme sa at vitjinga gav dei eit løft.
Sande kommune vil gjerne ha eit vidare samarbeid med mållaget i samband med arbeidet i barnehagane.

- Mållaget er opptekne av språket og kulturforståinga i barnehagane både i “nynorsk- og bokmålsland”, seier Kjøde.

- På Sunnmøre er vi heldige som har mykje ressursar og gode tilbod frå Nynorsksenteret og Aasentunet, og desse vil vi nytte enno meir framover.

Kristian Fuglseth
© Noregs Mållag 2020 - Sidene laga av Zetta AS