FRAMSIDA|MELD DEG INN|KALENDER|KONTAKT| 27. DESEMBER 2020

Sunnmøre Mållag Kontakt oss

Norsk er bokmål og nynorsk

 (26.01.2012)

- SV-leiar Kristin Halvorsen undergrev nynorsken, eige prinsipprogram og eigne vallovnader i forslag om skriftleg sidemål utan karakter og eksamen.

Elev i klasserom


Sist veke gjekk debatten om SV sitt forslag om endringar i norskfaget.

- SV sitt prinsipprogram slår fast at nynorsk og bokmål er jamstilte, seier Terje Kjøde, leiar i Sunnmøre Mållag.
- Regjeringspartia har gått til val på at dei vil styrkje nynorsk. Dei står også bak stortingsmeldinga Mål og meining. Der har dei forplikta seg til å leggje til rette for reell likestilling mellom bokmål og nynorsk.

- Dersom det er det kunnskapsminister Kristin Halvorsen vil ha, er det vanskeleg å kome med eit meir mislukka framlegg enn det ho presenterte måndag. Ho vil framleis ha skriftleg sidemål både i ungdomsskulen og i vidaregåande skule, men utan karakter og utan eksamen. Det er det berre hovudmålet som skal ha. I praksis vil det seie mindre sidemål; er lik mindre nynorsk. Dersom det i det heile teke kjem til å bli lagt vekt på det. Det er nemleg innlysande at innsatsen vil bli konsentrert om det som skal ha karakter og eksamen, nemleg hovudmålet. Dette veit alle som har arbeidd i skulen.

Norsk er bokmål og nynorsk

Kristin Halvorsen grunngir framlegget med at ho vil satse sterkare på norskfaget.
- Det ho gløymer, er at norsk er både bokmål og nynorsk, seier Kjøde. Det vart vedteke av Stortinget i 1885 i det såkalla jamstillingsvedtaket, og det har vore rådande språk- og kulturpolitikk i Noreg sidan då. Så viss Kristin Halvorsen vil styrkje norsk, må det gjelde både bokmål og nynorsk.

Teksten er attgjeven frå eit lesarinnlegg av Terje Kjøde

© Noregs Mållag 2020 - Sidene laga av Zetta AS