FRAMSIDA|MELD DEG INN|KALENDER|KONTAKT| 27. DESEMBER 2020

Sunnmøre Mållag Kontakt oss

Fråsegner til Kunnskapsministeren: Styrk sidemålet og la norsk vere obligatorisk i lærarutdanninga

 (12.03.2013)

Sunnmøre Mållag vedtok to fråsegner på årsmøtet 9.mars i Ivar Aasen-tunet. Begge går til Kunnskapsminister Kristin Halvorsen.

Kunnskapsministeren må styrkje sidemålet

Kunnskapsminister Kristin Halvorsen hevdar at ho vil sikre nynorsken sin plass i skulen med å leggje meir vekt på hovudmålet. Det er i og for seg greitt nok, men det er opplæringa i nynorsk som sidemål det er viktigast å betre. Det kan kunnskapsministeren gjere med tiltak som språkblanda lærebøker, betre lærarutdanning og ikkje minst tidlegare start. Me veit at di tidlegare eit menneske møter eit språk, di lettare er det å lære det. Barndommen er ein språkleg gullalder. Difor bør born i bokmålskommunar møte nynorsken allereie i barnehagen, og den skriftlege opplæringa i skulen må ta til lenge før ungdomssteget .

Så lenge skulefag vert vurderte med karakterar og eksamenar, er fag utan dømde til å tape i konkurransen med andre fag. Difor er det heilt avgjerande at sidemålet er obligatorisk, har karakter og/eller eksamen, helst begge delar. Alt dette kan kunnskapsministeren syte for viss ho vil.

Kristin Halvorsen sitt parti, SV, vil ha eigen karakter og eksamen i sidemål. Ho har sjølv vore med på å vedta språkmeldinga Mål og meining. Der heiter det at sidemålsundervisninga må utviklast og betrast, ikkje reduserast, og det er «særleg viktig å sikre grunnlaget for ei god utvikling for nynorsken». Målet for meldinga er at likestillinga mellom dei to språka nynorsk og bokmål må bli meir reell. Sunnmøre Mållag ventar at kunnskapsministeren no tek sitt eige partiprogram og språkmeldinga på alvor.


Norsk må vere obligatorisk i all lærarutdanning

Alle lærarar er norsklærarar. Likevel kan ein med den nye lærarutdanninga byrje som lærar frå 5. til 10. klasse utan andre norskkunnskapar enn dei ein har med seg med karakteren tre frå vidaregåande skule. Det vil seie at norske elevar har stor sjanse for å få lærarar som er monaleg dårlegare i norsk enn flinke ungdomsskuleelevar.

Dette er sjølvsagt heilt uforsvarleg og uansvarleg, og det vil gå mest utover nynorsken. Det må vere uråd å undervise i grunnskulen utan forsvarleg norskkompetanse, og det gjeld alle fag. Elevane skal ikkje ha til dømes samfunnsfag- eller matematikklærarar som både formulerer seg dårleg og har ei mengd skrivefeil. Det er ikkje slik me byggjer det kunnskapssamfunnet og den respekten for læraryrket rikspolitikarane yndar å snakke om. Kravet må vere eit ufråvikeleg krav at grundig norskopplæring er med i all lærarutdanning.

© Noregs Mållag 2020 - Sidene laga av Zetta AS