FRAMSIDA|MELD DEG INN|KALENDER|KONTAKT| 27. DESEMBER 2020

Sunnmøre Mållag Kontakt oss

Målblome til Hødd Fotball

 (19.08.2013)

Hødd Fotball fekk overrekt Målblomen av styret i Sunnmøre mållag under Trebåtfestivalen. Frå v.: leiar Terje Kjøde, styremedlem Iselin Nevstad Øvrelid, mediesjef Lars-Petter Rønnestad i Hødd Fotbatt og nestleiar i mållaget Kristian Fuglseth.

Under Trebaatfestivalen i Ulsteinvik laurdag fekk Hødd Sunnmøre Mållag sin målblome. Sist fylkesmållaget gav ei slik påskjøning, var i november i fjor. Då fekk verksemdene Kleven Verft og Plany. Det er med andre ord ei påskjøning som heng ganske høgt. Det var leiaren i Sunnmøre Mållag som delte ut prisen til Hødd sin mediesjef Lars-Petter Rønnestad.

 

Nynorsk identitet
Leiar Terje Kjøde i Sunnmøre Mållag delte ut prisen til Hødd sin mediesjef Lars-Petter Rønnestad.
 
- Kvifor nettopp Hødd?
- Hødd har vore og er ein føregangsklubb både sportsleg og språkleg. Klubben bruker konsekvent nynorsk. Nynorsken er ein del av klubben sin identitet. I tillegg er det høg kvalitet på språket. Det er berre å sjå på nettsidene.
 
Språkleg medvit
Ideen om å gi Hødd denne påskjøninga fekk me under eit styremøte. Dei siste åra har me halde dei fleste styremøta i klubbhuset på Høddvoll. Då me ei tid etter at Hødd vart cupmeister i fjor, kom til eit møte der, fekk me oss ei positiv overrasking. På golvet rett innanfor inngangsdøra låg – og ligg framleis - ei stor matte med teksten «Noregsmeister 2012». Det vitnar om språkleg medvit og tryggleik om eigen identitet.
 
Du merkar det når du kjem til Høddvoll, at dette er ein spesiell klubb. Det sit ei eiga stemning i veggene. Alt er fint i orden, og du ser at medlemmene er stolte av klubben sin. Også her er Hødd eit føredøme.
 
- Meiner du at andre klubbar har noko å lære av Hødd?
- Absolutt. Alle klubbane på Sunnmøre bør bruke nynorsk. Det skuldar dei medlemmene sine, spesielt dei unge. Dei treng språklege førebilete også når det handlar om idrett. Det er heller ikkje urimeleg å vente at Aafk slepper nynorsken til. Aafk vil gjerne vere heile Sunnmøre sin klubb, og dei fleste fotballinteresserte sunnmøringane har nynorsk som sitt hovudmål. Sunnmøre Fotballkrets må også bli mykje flinkare å bruke nynorsk.
 
Meir nynorsk på Høddvoll
- Kjem de til å følgje opp dette utspelet?
- Du får vere nøgd med eit kort svar etter første omgang. Ballen er ikkje lagd død, og ein fotballkamp har meir enn ein omgang.
 
Dørmatta på Høddvollhuset.
Dørmatta på Høddvollhuset.
 

© Noregs Mållag 2020 - Sidene laga av Zetta AS