Årsmøte i Stordal

Laurdag 15. mars 2014 held Sunnmøre Mållag årsmøte i Nilsgardstunet i Stordal.
Møtet startar kl. 11.00 og varer til om lag kl. 14.00.
Forfattar Marit Kaldhol er mellom gjestene, og vil halde eit kåseri.
Årsmøtet skal vere ei oppleving og ein god kveik for deltakarane, og mållaget inviterer til eit godt program i tradisjonsrike omgjevnader.

Program
1. 10.30-11.00: Innsig og registrering
2. 11.00-12.30: Årsmøtesaker. Sjå eige oppsett.
3. 12.30-13.00: Matpause
4. 13.00-13.15: Målpolitisk emne. Kristian Fuglseth om makt og hegemoni i den norske sprakdebatten.
5. 13.15-13.40: Forfattaren Marit Kaldhol kåserer
6. 13.40-13.50: Utdeling av målblome. Vinnar vert kunngjort på møtet.
7. 13.50-14.00: Samtale med Kristoffer Ravn Stavseng om Norsk Målungdom
8. ca. 14.00: Slutt
Årsmøtesaker
1. 11.00-11.10: Opning. Velkomen til Stordal og årsmøte. Allsong
2. 11.10-11.15: Godkjenning av innkalling, sakliste og dagsorden
3. 11.15-11.45: Presentasjonsrunde. Slik gjer me det hos oss. Munnlege meldingar om aktiviteten i lokallaga. 2-3 minutt er nok.
4. 11.45-12.00: Årsmelding
5. 12.00-12.10: Rekneskap
6. 12.10-12.20. Arbeidsprogram
7. 12.20-12.30: Val
Årsmelding og framlegg til Arbeidsprogram 2014 vert sendt til utsendingane frå lokallaga. Rekneskapen og tilrådingane frå valnemnda vert lagde fram på møtet.
Styet v/leiar Terje Kjøde
|