FRAMSIDA|MELD DEG INN|KALENDER|KONTAKT| 27. DESEMBER 2020

Sunnmøre Mållag Kontakt oss

– Nynorsk må vere administrasjonsspråk

– Å ta nynorsken frå ein sunnmøring, er det same som å ta grunnmuren frå heimplassen vår, seier nyval leiar i Sunnmøre Mållag, Knut Falk.

Nynorsk er det skriftlege uttrykket for dialektane på Sunnmøre. Og nett nynorsk er ein viktig del av den lokale identiteten som må få ein sentral plass i utgreiingsarbeidet om kommunereformen.  Nynorsk er det sjølvsagte skriftspråket på Sunnmøre, og ein ressurs for heile landsdelen.

Sunnmøre Mållag vil vere med i utforminga av punktet lokal identitet til ein eventuell storkommune der også Ålesund er med. Det må vere semje om kva dette punktet skal vere, før folkerøystingane finn stad.

Skal ein gje innhald i visjonen om lokal identitet, må nynorsken få ein sentral plass. Sunnmøre Mållag vil at nynorsk framleis skal vere administrasjonsspråk i kommunane.

Nyval leiar

Knut Falk frå Hareid vart vald som ny leiar i Sunnmøre Mållag på årsmøtet 28. februar 2016. Han tok over for Solveig Linge Stakkestad frå Valldal, som held fram i styret saman med Magnar Storøy frå Herøy og Kristian Fuglseth frå Hareid. Camilla Auflem Vik frå Sande vart vald inn som nytt medlem i styret.

– Arbeidet med språket i eventuelle nye kommuner vert viktig, melder Knut Falk.

Kommunereform

Tidlegare rådmann i Sula kommune, Øystein Grønmyr, har leia prosjektet om språk og kommunereform. Saman med Terje Kjøde og Knut Falk har Grønmyr utarbeidd ein rapport som vart lagd fram på Sunnmøre Regionråd sitt representantskapsmøte sist veke. Der var forslaget om nynorsk som administrasjonsspråk godt motteke.

– Grønmyr sitt arbeid om kva språk har å seie for den Sunnmørske identiteten, og hans oppteljing av nynorsk som det definitivt største språket på Sunnmøre, vil bety mykje for innhaldet om lokal identitet i ein eventuell ny kommune, kommenterte fleire av dei frammøtte ordførarane.

© Noregs Mållag 2020 - Sidene laga av Zetta AS