FRAMSIDA|MELD DEG INN|KALENDER|KONTAKT| 27. DESEMBER 2020

Sunnmøre Mållag Kontakt oss

Krav om nynorsk i offentlege anbod

Fråsegn frå årsmøtet 2016:

Språk må vere eit krav i offentlege anbod for å unngå at nynorsk forsvinn når private verksemder tek over offentlege oppgåver

Kommunar med nynorsk som tenestespråk sikrar lik og føreseieleg bruk av språk for innbuarane. Men når private verksemder tek over kommunale oppgåver, fell bruken av nynorsk ofte ut. Private verksemder har ikkje plikt til å føre ei språklinje eller ein språkpolitikk. Då er språkbruken ofte tilfeldig, eller vert lagt opp etter overordna føringar eller vanar. Som regel endar mange opp med bokmål i det som eigentleg er eit nynorskområde. Dette kan gjelde til dømes private barnehagar, kollektivtilbod, ferjesamband, energiselskap, reinhaldsverk, helseteneste eller IKT-tenester. Dette er tenester som i stor grad vert lagde ut på anbod, og då burde språk vere mellom kriteriekrava i utlysingane. Dersom ein privat aktør skal levere anbod, må språkbruk vere mellom krava for tildeling.

Problemet har vorte synleg mellom anna der private barnehagekjeder tek over drifta av kommunale barnehageplassar i nynorskkommunar. Der er mange døme på at dei private verksemdene nyttar bokmål. Ofte er dette eit av dei tidlegaste møta både foreldre og born har med ei offentleg teneste. Verksemdene har eit ansvar for medviten bruk av språk frå barnehage til ungdomsskule. Borna skal trass alt inn i ein nynorsk skulegong i ein nynorskkommune.

 

Kristian Fuglseth v/styret i Sunnmøre Mållag, 28. februar 2016

© Noregs Mållag 2020 - Sidene laga av Zetta AS