FRAMSIDA|MELD DEG INN|KALENDER|KONTAKT| 27. DESEMBER 2020

Sunnmøre Mållag Kontakt oss

Påmelding og program til Sunnmørsseminaret

 (04.09.2012)

Sunnmørsseminaret - seminar hausten 2012 i regi av Sunnmøre Mållag

Den 3. og 4. november skipar me til Sunnmørsseminaret på Quality Hotel Ulstein i Ulsteinvik.

Målgruppe: Mållagsmedlemmer på Nordmøre, i Romsdal, på Sunnmøre og i Nordfjord og Sunnfjord, dei to målungdomslaga på Sunnmøre. Andre er også velkomne.

Overnatting: Me har med overnatting av to grunnar. Me kan halde på lenge utover dagen, og me vert betre kjende med kvarandre og meir samansveisa. Programmet søndag er likevel så lett at dei som må reise heim laurdagskvelden, ikkje taper mykje fagleg. Sjå programmet nedanfor.

Økonomi:
Lokallaga betaler sjølve reisa. I tillegg kjem ei deltakaravgift på kr 600. For deltakarar frå målungdomslaga vert avgifta kr 400.
Deltakaravgifta inkluderer to lunsjar, middag, overnatting med frukost, forfriskingar i pausar og kursmateriell. Resten av denne kostnaden betaler arrangøren. Med dette vonar me at økonomien i lokallaget ikkje skal stå i vegen for deltaking. Prisen for ikkje-overnattande vert kr 200 utan middag, 400 med middag.

Vilkår og påmelding:
For at seminaret skal bli halde, må me ha ca. 20 deltakarar eller meir. Påmelding til
Terje Kjøde, Støylev 9, 6150 ØRSTA, tlf. 90921293/70066866
e-post: terje.kjode@tussa.com

Påmeldingsfrist: Så fort som råd, og seinast fredag 5. oktober.

______________________________________________________

Program: (Atterhald om endringar)

Laurdag:
Kl. 11.30-12.00: innsig og kaffi/te
Kl. 12.00-19.00: fagleg/målpolitisk program med innlagd lunsj

Me gjer oss betre kjende med kvarandre. Opning, registrering og bli-kjend-runde.

Kunnskaps- og motivasjonsdel:
Argumentasjon for nynorsk. Vilkåra for norsk målreising i dag og framover. Ved direktør Ottar Grepstad i Nynorsk Kultursentrum. Han er elles styreleiar i Norsk Språkråd, og har gitt ut ei rad bøker, m.a. Viljen til språk.
Arbeidsoppgåver, spørsmål og debatt.

Pause.

Argumentasjonstrening. Øving i å skrive innlegg.
Ved Kjetil Tandstad, m.a. mangeårig journalist i Sunnmørsposten, redaktør i Dag og Tid og forfattar av fleire bøker.

Pause.

«Gjennom ord blir verda stor».
Korleis gjer me det når me vitjar ein barnehage og/eller har møte med anten personalet i ein barnehage eller den ansvarlege i kommuneadministrasjonen? Korleis kan me nå foreldra? Ved Håvard Øvregård, leiar i Noregs Mållag med røynsle frå eit utal barnehagevitjingar.

Pause.

Språkåret 2013. Idebyte om korleis me kan lage spektakulære lokale tilskipingar og korleis med kan bruke året til organisasjonsbygging.
Ved Terje Kjøde

Kl. 20.00: Middag med kveldssete og lett underhaldning

_________________________________________________________

Søndag:
Kl. 07.00-09.30: frukost
Kl. 09.30-10.30: vurdering, oppsummering og vidare arbeid i lokal- og fylkeslaga
Kl. 10.30-12.00: tur til Flø og synsjåing i Ulsteinvik.
Kl. 12.00: Lunsj/dugurd og vel heim.

Du kan også sjå hendinga på Sunnmøre Mållag si nettside på Facebook. Der er kart - dessutan kan du sjå kven andre som har meldt si interesse.

Terje Kjøde
© Noregs Mållag 2020 - Sidene laga av Zetta AS