FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 15. NOVEMBER 2019

Kontakt Om oss Historie Lover Hallingkveld Lesarbrev 2019 Lesarbrev 2017 Målprisar Gradærstokk Kort og plakatar Vil du vera venen min CD Vil du vera vennen min Me og uss de og dikko CD Me og uss de og dikko Undervisningsopplegg

Vedtekter for Ål og Hol Mållag 2019

Her kan du lesa vedtektene for laget.

§1. Ål og Hol Mållag vil arbeide for å fremja bruk av dialekt i tale og nynorsk i skrift.

§2. Alle som vil fremja lagsføremålet og betalar årspengane kan vera medlemer.

§3. Laget er innmeldt i Noregs Mållag gjennom Buskerud Mållag.

§4. Arbeidsåret følgjer kalenderåret. Årsmøtet blir halde innan utgangen av februar. Møtet skal gjerast kjent minst 3 veker på førehand. Omframt årsmøte blir halde dersom styret vedtek det eller minst ¼ av medlemene krev det. Røysterett har alle som har betalt medlemspengar siste året.

§5. Årsmøtet skal godkjenne årsmelding og rekneskap, fastsetje årspengar, vedta budsjett og arbeidsplan og velja personar til verv etter § 6.

§6. Årsmøtet vel:

  1. Leiar ved særskilt val kvart år
  2. 4 styremedlemer med 2 varafolk. Styremedlemene vert valde for to år om gongen, og halvparten står på val kvart år. Varafolk blir valde for eitt år.
  3. 2 ettersynsfolk for rekneskapen valde for eitt år.
  4. 3 medlemer i valnemnda valde for tre år. Det skal veljast ein ny medlem kvart år. Den som sit tredje året er leiar i valnemnda. Styret kjem med framlegg til medlemer i valnemnda.
  5. Utsendingar til årsmøtet i Buskerud Mållag og Noregs Mållag.

 

§7. Styret vel nestleiar, skrivar, kasserar og materialforvaltar. Det skal haldast styremøte når leiaren ønskjer det, eller når minst to styremedlemer krev det. Styret er vedtaksført når 3 styremedlemer, deriblant leiar eller nestleiar, er til stades. Styret fører referat frå møta. Styret legg fram for årsmøtet melding om arbeidsåret, ettersedd rekneskap og framlegg til arbeidsprogram og budsjett for komande år. Signaturretten for Ål og Hol Mållag ligg til leiaren og disposisjonsretten til bankkontoane ligg til kasseraren.

§8. Lagsmøte blir samankalla av styret. I særhøve kan også leiaren gjera det. Røysterett på eit møte har alle som har betalt årspengane. Alle lagsvedtak blir gjorde med vanleg fleirtal. Står røystene jamt, gjer leiaren utslaget.

§9. Laget er å rekne som nedlagt når det kjem ned i eit medlemstal på under 10. Fylkeslaget kan dessutan rekne laget som nedlagt dersom det 3 år på rad ikkje blir halde årsmøte og sendt årsmelding.

§10. Skulle laget bli oppløyst eller skifte føremål, så det ikkje lenger arbeider etter §1 i desse vedtektene, går det som laget eig over til Buskerud Mållag som førebels tek vare på eiga. Blir  det skipa eit nytt mållag innan 5 år, og det bind seg til §1 i desse vedtektene og elles følgjer vedtektene i Buskerud Mållag og Noregs Mållag, skal eiga gå attende til laget. Blir det ikkje innan 5 år skipa eit nytt lag som fyller desse vilkåra, går eiga til endeleg inntekt for Buskerud Mållag.

§11.Framlegg til endringar i vedtektene må vera kjende for medlemene minst tre veker før årsmøtet. Endringar i vedtektene krev 2/3 fleirtal.

© Noregs Mållag 2019 - Sidene laga av Zetta AS