FRAMSIDA|MELD DEG INN|KALENDER|KONTAKT| 27. DESEMBER 2020

Kontakt Om oss Historie Lover Hallingkveld Lesarbrev 2019 Lesarbrev 2017 Målprisar Gradærstokk Kort og plakatar Vil du vera venen min CD Vil du vera vennen min Me og uss de og dikko CD Me og uss de og dikko Undervisningsopplegg

av 28.02.1954

Vedtatt på årsmøtet etter framlegg frå Ola Perstølen og Lars Tormodsgard

Lover for Ål Mållag

§ 1 Ål Mållag vil samla folket i Ål herad til å arbeida fram den norske målreisingstanken.

§2 Alle dei som vil fremja lagsføremålet og legg dei årspengane som til kvar tid gjeld, kan vera medlemer.

§3 Arbeidsåret blir rekna frå 1. januar til 31. desember.

§ 4 Laget er innmeldt i Buskerud Mållag og godkjenner lova for fylkesmållaget. Skulle laget bli oppløyst eller skifte føremål, så det ikkje lenger arbeider i samhøve med §1 i denne lova, går det som laget eig over til Buskerud Mållag som førebils tek vare på medelen. Skulle det så inna 5 år bli skipa eit nytt Mållag for Ål herad og det bind seg til §1 i denne lova og elles tek ved ei lov som blir godkjendt av styret i Buskerud Mållag, skal medelen gå attende til laget. Blir det ikkje inna fem år skipa eit nytt lag som fyller desse vilkåra, går medelen til endeleg inntekt for fylkesmållaget.
Styret i Buskerud Mållag avgjer med endeleg verknad dei skjønnsspørsmål denne paragrafen gjev høve til.

§5 Årsmøtet blir halde inna utgangen av februar. Laget har eit styre på fem medlemer med like mange varamenn. Formannen blir vald ved serskilt val for eit år om gongen. Dei andre i styret blir valde for to år. Ved andre valet går to ut etter lutdraging. Årsmøtet vel elles ettersynsmenn for rekneskapen, arbeidslag for kvar skulekrins eller så mange som årsmøtet fastset og ombodsmenn til serskilde oppgåver og arbeidsgreiner.

§6 Styret vel seg imellom varaformann, skrivar og kassestyrar. Styret står føre arbeidet i mållaget. Spørsmål om pengeløyvingar utanfor den vanlege lagsdrifta og viktige spørsmål vedkommande lagsarbeidet elles, blir lagt fram for årsmøtet. Styret er vedtaksført når tre styremedlemer er tilstades. Styret fører bok over møte og vedtak i styret og laget. Det legg fram for årsmøtet melding om arbeidet i det framfarne året, ettersedd rekneskap og framlegg til arbeidsprogram for komande år. Det daglege arbeidet kan styret elles leggja på formannen eller skrivaren etter eige tykke.

§7 Formannen kallar styret og ombodsmennene saman til møte så ofte han finn det naudsynt.

§8 Lagsmøte blir samankalla av styret. I serhøve, kan også formannen gjera det. Røysterett på eit møte har alle som har lagt årspengane. Alle lagsvedtak blir gjorde med vanleg fleirtal. Står røystene jamt, gjer formannen utslaget.

§9 Denne lova kan eit årsmøte endra med vanleg fleirtal når framlegget til endringar er kunngjorde minst fjorten dagar føreåt.

§1 og §4 kan likevel ikkje brigdast utan samtykke frå styret i Buskerud Mållag.



 

© Noregs Mållag 2020 - Sidene laga av Zetta AS