FRAMSIDA|MELD DEG INN|KALENDER|KONTAKT| 27. DESEMBER 2020

Kontakt Om oss Historie Lover Hallingkveld Lesarbrev 2019 Lesarbrev 2017 Målprisar Gradærstokk Kort og plakatar Vil du vera venen min CD Vil du vera vennen min Me og uss de og dikko CD Me og uss de og dikko Undervisningsopplegg

Ei helsing frå Ål Mållag

 (15.03.2017)

Me har nyleg hatt årsmøte i Ål mållag. I styret no er Svein Erik Strand, Anne S Gudbrandsgard, Øystein Velure, Steinar Aa og Gunnlaug Lien Myhr. I mållaget vil me arbeide  for den lokal kulturen, for hallingdialekta og for nynorsk. Det er heilt fantastisk korleis Ål har fostra opp toppartistar som alle brukar hallingmålet. Me har lenge hatt tekstane til Hellbillies. Så har me fått Stein Torleif og Tove og no Kjersti på teaterscena. På You Tube kan du sjå ein filmsnutt frå ein konsert Hellbillies hadde i Oslo Spectrum i 2012. Aslag syng Du er den finast e veit. Når han sluttar å syngje fortset eit fullsett Oslo Spectrum å syngje teksten – på halling. I gamle dagar fekk hallingar som reiste til byen klar melding om å leggje bort hallingmålet og begynne å prate bymål. Bygdemål ville dei ikkje ha i byen den gongen.  Verda går framover på enkelte område. Noko me vil arbeid for i Ål mållag er at dei som brukar hallingdialekta vel nynorsk  som skriftspråk. Hallingdialekta og nynorsk høyrer naturleg saman.

I mange samanhengar pratar barn og unge i Hallingdal no bymål, Oslo-mål eller austlandsmål. Det går kanskje over når dei blir vaksne. Me vil også arbeide for at dei vel nynorsk som skriftspråk. Det er meir naturleg no når bokmålet har endra seg til såkalla moderat bokmål og vorte meir likt det gamle riksmålet. Eit døme: Mange av dei unge vil i dag seie: «Jei har kasta alle arka.» I nynorske lærebøker står det: «Eg har kasta alle arka.» I lærebøkene på bokmål derimot står det no ofte: «Jeg har kastet alle arkene.» I denne setninga ser me at også talemålet til dei unge som ikkje pratar hallingdialekt er meir likt nynorsk enn bokmål. Ein kan skrive a-former som kasta og arka også i bokmål, men det viser seg at skuleelevar vel dei formene dei ser i lærebøkene når dei skriv. I både bokmål og nynorsk er det no gjort endringar som har gjort dei to målformene meir ulike. Slik det ser ut no kjem me til å ha to skriftspråk i norsk i lang tid framover. Vårt råd er skuleelevar vel nynorsk frå 1.klasse slik at dei lærer nynorsk skikkeleg. Dei vil møte meir bokmål enn nynorsk ute i samfunnet og få inn bokmål på mange andre måtar slik at det er enklare å lære bokmål enn nynorsk som sidemål når dei kjem på ungdomsskulen.

Me ynskjer oss fleire medlemmer i Ål mållag. Er du heldig får du ein faktura i posten. Bli med og støtt målarbeidet.

Det blir mange flotte arrangement på Ål også i 2017. Og me vil vera til stades der. Har du ein god ide til korleis me kan arbeide for lokal kultur, hallingdialekta og nynorsken , ta kontakt med ein av oss i styret. Me sjåast!

Svein Erik Strand. Leiar i Ål mållag

© Noregs Mållag 2020 - Sidene laga av Zetta AS