FRAMSIDA|MELD DEG INN|KALENDER|KONTAKT| 27. DESEMBER 2020

Kontakt Om oss Historie Lover Hallingkveld Lesarbrev 2019 Lesarbrev 2017 Målprisar Gradærstokk Kort og plakatar Vil du vera venen min CD Vil du vera vennen min Me og uss de og dikko CD Me og uss de og dikko Undervisningsopplegg

Ja til nynorsk i Viken

 (15.07.2017)

Viss du skriv brev til Statens pensjonskasse på nynorsk, vil du få svar på nynorsk, fordi mållova pålegg staten å svare med same målforma som du brukar. Buskerud fylkeskommune skriv på bokmål uansett kva for målform du brukar, fordi kravet i mållova ikkje gjeld for fylkeskommunen. Stortinget har som kjent vedteke å slå saman fylkeskommunane Buskerud, Akershus og Østfold til ein region med namnet Viken. Regionane er tiltenkt nye oppgåver som tidlegare har liggje hjå staten. Det er derfor naturleg at mållova også bør gjelde for dei nye regionane. At du som brukar nynorsk får brev frå staten på nynorsk, men brev frå regionen Viken på bokmål er ikkje logisk. Ein kan seie at mållova berre er halvvegs no når det er vedteke ei ny administrativ inndeling med regionar. Det er veldig positivt at Sissel Urke har teke opp bruken av nynorsk i fylkeskommunen. Dette initiativet må takast vidare til den nye regionen og Stortinget må gjera nødvendige justeringar i mållova.

Svein Erik Strand

Leiar Ål Mållag

© Noregs Mållag 2020 - Sidene laga av Zetta AS