FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 22. OKTOBER 2019

Kontakt Om oss Historie Lover Hallingkveld Lesarbrev 2019 Lesarbrev 2017 Målprisar Gradærstokk Kort og plakatar Vil du vera venen min CD Vil du vera vennen min Me og uss de og dikko CD Me og uss de og dikko Undervisningsopplegg

Hallingkveld heime i stugu

 (15.11.2017)

Torsdag 2.november arrangerte mållaga i Hallingdal hallingkveld på Ål kulturhus i samband med at Nynorskstafetten vitja Hallingdal. Der deltok Tonje Halbjørhus, Tori Snerte, Daskebandet, ungdommar frå dialektleiren og Kjersti Anderdal Bakken. Dette arrangementet vart filma av Filmprodusentane. Du kan finne ein kortversjon på nettavisa til Hallingdølen. Alle innslaga er lagt ut på nettstaden til Ål Mållag. Gå inn på www.nm.no, klikk på Lagsoversyn/Ål Mållag/www/Sjå video frå Hallingkvelden. Du får hallingkveld rett heim i di eiga stugu. Er det ikkje flott? No er det like før byungdommane kjem med twintip og snowboard og inntek skianlegga våre. Då må me hugse på at me ikkje prøver å prate slik som dei pratar. Nei ver halling og prat halling. Som Kjersti Anderdal Bakken seier: I Hallingdal sea me ikkje nedslitt stenhytte og plukke sten, me sea krasafaren steinbu og pela stein.

Svein Erik Strand

Ål Mållag

Nyhende frå nm.no:

© Noregs Mållag 2019 - Sidene laga av Zetta AS