FRAMSIDA|MELD DEG INN|KALENDER|KONTAKT| 27. DESEMBER 2020
Juristmållaget
E-post: rasberg @ gmail.com

Framsida Om oss Nyhende og aktuelt Organisasjon Jubileumsskrift 2010 Kontakt oss

Velkomen til Juristmållaget

 (01.04.2007)

Endeleg er vi ute i verdsveven. Sidene er under utvikling og vi vonar de utover våren vil finna mykje nyttig stoff om nynorsk her.

Hjarteleg velkomen skal du vera!

Beste helsing
Gunnar O. Hæreid

Juristmållaget vart skipa i 1934, oppattskipa i 1954, og er såleis eit lag med lang tradisjon.

Den viktigaste faste aktiviteten vi har er eit årleg skriveseminar for juristar og studentar. Dette vert halde på ein av skistadene langs Bergensbana. I tillegg har Juristmållaget jamlege uformelle treff i Oslo rundt annankvar månad og årsmøte med føredrag om kryssingspunktet mellom jus og språk. I august 2006 delte vi også for første gong ut målpris, som gjekk til høgsterettsdommar Karl Arne Utgård. VI har hatt artiklar i fagbladet Juristkontakt og studenttidsskrifta Studjur og Injuria siste året.

© Noregs Mållag 2020 - Sidene laga av Zetta AS