FRAMSIDA|MELD DEG INN|KALENDER|KONTAKT| 27. DESEMBER 2020
Juristmållaget
E-post: rasberg @ gmail.com

Framsida Om oss Nyhende og aktuelt Organisasjon Jubileumsskrift 2010 Kontakt oss

Jubileumsskrift 2010

I 2009 fylte Juristmållaget 75 år. Dette vart markert med eit festskrift, som vart gjeve ut av Privatrettsfondet. Festskriftet vart gjeve vekk til alle medlemmene av Juristmållaget i 2010 og åra etter, så langt opplaget rekte.

I festskriftet kan du lesa om soga til Juristmållaget og aktivitetane opp gjennom åra. I tillegg kan du lesa om ulike sider av å skriva juss på nynorsk. Forfattarane spenner vidt både i alder og yrke, frå studentar til dommarar, advokatar, universitetstilsette og andre. Justisministeren og leiaren av Noregs Mållag kom med helsingar.

Juristmållaget takkar Privatrettsfondet, forfattarane og teiknaren, og minnest særskilt den eine forfattaren, Jon Vegard Lervåg, som vart drepen av bomba i regjeringskvartalet 22. juli 2011.

Klikk her for å lese, laste ned eller skrive ut skriftet. (PDF)

(Det er råd å trykke på titlane i innhaldslista i PDF-dokumentet. Det vil føre deg rett til den aktuelle artikkelen.)


INNHALD

Føreord (Side 7)

Knut Storberget
Ein viktig støttespelar fyller år (Side 11)

Håvard B. Øvregård
Med ord skal lov skrivast (Side 13)

Gunnar O. Hæreid og Kåre Lilleholt
Juristmållaget gjennom 75 år – nokre tilskot til ei soge som ikkje er skriven (Side 15)

Erlend Baldersheim
Strøtankar om nynorsk, stil og rettskjeldelære (Side 27)

Tore Fjørtoft
Nynorsk lovmål (Side 35)

Kaja Breivik Furuseth
Nynorskjuristar – ikkje berre raggsokkjuristar (Side 55)

Johan Giertsen
Jusstudentar – skriv nynorsk! (Side 59)

Asbjørn Nes Hansen
Om å skrive nynorsk i Agder lagmannsrett (Side 61)

Line Johanna L. Hanøy
Nynorskskrivande student ved Det juridiske fakultet ved Universitetet i Tromsø (Side 67)

Katrine Broch Hauge
Om det å bruka nynorsk ved juridisk fakultet i Oslo (Side 69)

Thore Eithun Helland
Den håpefulle. Ei sann soge (Side 75)

Eirik Holmøyvik
Ei sann soge av Nikolaus Gjelsvik og rettsmålet (Side 79)

Olaug Husabø
Nynorsk ved Universitetet i Tromsø (Side 91)

Gunnar O. Hæreid
Frå Årdal til Oslo (Side 95)

Jon Vegard Lervåg
Å skifte frå nynorsk til bokmål til nynorsk (Side 99)

Kåre Lilleholt
Målform i lover (Side 103)

Tore Lunde
Nynorsk på marknadsrettens område (Side 107)

Ernst Nordtveit
Om sivillovbok og lovmål (Side 111)

Nils Nygaard
Personlege røynsler som nynorskskrivande jurist (Side 119)

Ingvild Risnes Skeie
Få deg ein nynorskfadder! (Side 125)

Ingvild Slettebø
Nynorsk skriveseminar (Side 129)

Endre Stavang
Nokre Stavang-ord om Einar Stavang (Side 133)

Bente Staven
Nynorsk i påtalemakta, finst det? (Side 141)

Jørn Øyrehagen Sunde
Til kamp! Nynorsk som rettsspråk før, no og i tida som kjem (Side 147)

Steinulf Tungesvik
Offentleg målbruk også når det offentlege omorganiserer (Side 159)

Mila Varela Choucino
Kvardagen i Noreg som utanlandsk statsborgar og advokat (Side 165)

Steinar Velle
Helsing til Juristmållaget frå ein mangeårig medlem (Side 169)

Reidun Wallevik
Om å verta verande i nynorsken (Side 173)

 

© Noregs Mållag 2020 - Sidene laga av Zetta AS