FRAMSIDA|MELD DEG INN|KALENDER|KONTAKT| 27. DESEMBER 2020
Juristmållaget
E-post: rasberg @ gmail.com

Framsida Om oss Nyhende og aktuelt Organisasjon Jubileumsskrift 2010 Kontakt oss

Ver med på å forbetra ordlista

 (22.02.2008)

Karl Arne Utgård har starta arbeidet med ny utgåve av ordlista si, Juridisk og administrativ ordliste. Hjelp han med å finna fram til ord!

Karl Arne Utgård skriv i ein epost til Juristmållaget:

"Eg har så smått starta arbeidet med ny utgåve av ordlista mi.

I den samanheng vil det vere nyttig å få innspel. Dels kan det gå på innhaldet i den lista eg har gitt ut. Men kanskje særleg er det interessant å få andre ord som nokon anten har funne avløysarar for eller som dei ikkje heilt veit korleis dei skal omsetje. Eg treng ganske enkelt å å få innspel til nye ord og uttrykk til neste utgåve."

Dette gjeld både studentar og ferdige juristar. Så set i gang, er det eit ord du lurer på som ikkje står i ordlista hans, eller som du finn i ordlista men har lyst til å koma med tilbakemelding på, send nokre ord til kau@hoyesterett.no

GOH
© Noregs Mållag 2020 - Sidene laga av Zetta AS