FRAMSIDA|MELD DEG INN|KALENDER|KONTAKT| 27. DESEMBER 2020
Juristmållaget
E-post: rasberg @ gmail.com

Framsida Om oss Nyhende og aktuelt Organisasjon Jubileumsskrift 2010 Kontakt oss

Vellukka skriveseminar 2008

 (07.04.2008)

Trass i snøver, stenge vegar og forseinka Bergensbane, vart skriveseminaret til Juristmållaget på Haugastøl endå ein gong vellukka.

Helga 25. - 27. januar var det duka for det årvisse nynorske skriveseminaret i regi av Juristmållaget. Trass i snøver, stengde fjellovergongar og ei forseinka Bergensbane fann 16 studentar og juristar
vegen til Haugastøl denne helga. Tradisjonen tru vart seminaret innleia fredagskvelden med god kveldsmat og sosialt samvere. Jarand Felland og Solveig Prestegard i seminarkomiteèn stod for underhaldninga, som var ein quiz med eit breitt spekter av spørsmål innanfor den nynorske kulturverda. Ikkje uventa hadde tidlegare deltakarar på skriveseminaret visse fordelar i denne konkurransen og nok ein gong viste det seg at dei eldste veit best.

Laurdagen var det tid for sjølve skriveseminaret. Her stod læring og inspirasjon i høgsetet og fokuset var retta mot korleis ein kan skrive betre nynorsk i juridiske samanhengar. På programmet stod føredrag frå professorane Ola Mestad og Kåre Lilleholt ved Universitetet i Oslo. Mestad ga studentane på kurset gode råd om korleis ein skriv gode jussoppgåver, medan Lilleholt heldt eit innlegg om skriving av tekstar på nynorsk med fokus på val av stil og ord. Føredraga førte til nyttige diskusjonar og deltakarane fekk utveksla erfaringar med korleis det er å skrive nynorsk i studietida og arbeidslivet. Etter lunsj var det tid for gjennomgong av tekstar som deltakarane på førehand hadde sendt inn til kommentering. Her fekk ein gode tips til forbetring av både nynorsk skriveteknikk og juridisk metode.



Programmet laurdagen vart avslutta med ein nydeleg middag servert av det hyggelege vertskapet på Haugastøl. Etter middagen var det tid for sosialt fellesskap ut i dei seine nattetimar med visning av Ut i vår hage 2 og allsong til den etterkvart så velkjende songboka frå Noregs Mållag. Stemninga steig jamnt utover kvelden og den vart ikkje dårlegare då vi overraskande fekk selskap av ein gjeng med "kitarar" som ivrig song med til nynorske viser til langt på natt.

Sundagen viste Haugastøl seg frå si vakraste side med strålande sol og silkeføre. Alt i alt var det ei svært vellukka helg og vi håpar at fleire får med seg skriveseminaret til neste år. Arrangørane fortener ros for eit solid fagleg opplegg og eit inkluderande sosialt fellesskap.

Merete Tollefsen
© Noregs Mållag 2020 - Sidene laga av Zetta AS