FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 15. NOVEMBER 2019
Juristmållaget
E-post: rasberg @ gmail.com

Framsida Om oss Nyhende og aktuelt Organisasjon Jubileumsskrift 2010 Kontakt oss

Målpris til professor Lilleholt

 (16.09.2008)

Målprisen til Juristmållaget for 2008 går til professor Kåre Lilleholt ved Universitetet i Oslo. Prisen vart delt ut ved ei markering på Institutt for privatrett, Juridisk fakultet 5. juni 2008.

Grunngjevinga for utdelinga er denne:
Kåre Lilleholt er fødd 10. september 1952, og kjem frå Storås i Meldal i Sør-Trøndelag, med røter frå Sunnmøre. Etter landsgymnaset på Orkanger utdanna han seg til jurist, og var ferdig med studiane i 1979. I yrkeslivet har han mellom anna vore journalist i VG og sigøynarkonsulent i Sosialdepartementet, men etter at han i 1986 var ferdig med doktorgraden har han mestedelen av tida vore professor, både ved Universitetet i Bergen, Noregs handelshøgskule og i dag ved Universitetet i Oslo. I tillegg er han er æresdoktor ved Universitetet i Stockholm. I tida 1990 til 2006 hadde han også eigen advokatpraksis, tidvis ved sidan av ulike professorat. Han er kjend for den store arbeidskapasiteten sin og at han er uvanleg grundig i alt han gjer. Det seiest at den som er så heldig å ha Kåre på lønslista får svært mykje for pengane.

Med allmenn formuerett, kontraktsrett, komparativ rett og bustadrett som forskingsfelt, er Lilleholt ein særs omtykt og produktiv forfattar. Lista over publikasjonar er lang og spenner frå ”Godtruerverv og kreditorvern”, via ”Ekteskap og utlegg”, ”Stillingsfullmakter i entrepriseretten” og kommentarar til dei fleste lovene på bustadretten sitt område, til ”… man skal eie en ordliste”, om rettsgrunnlaget for normering av norsk språk og ”Du svarte sigøynar”, om tilhøva for romanifolket. Det er særleg innanfor bustadretten at Lilleholt har vore og er den leiande akademiske krafta i landet, noko som også er avspegla i at han har leia ei rekkje lovutval på området. Interessa for rettsfeltet vart vekt etter at Lilleholt var med i bustadgruppa på JussBuss.

Lilleholt har heile tida halde på nynorsken. Han er ein føregangsmann i å utvikla omgrepsapparatet på nynorsk i bøkene og artiklane sine, og han har også publisert si eiga ordliste på nettet. Gjennom førelesingane ved Universitetet i Oslo og tidlegare ved Universitetet i Bergen er han dessutan ei levande inspirasjonskjelde for jusstudentar som ønskjer å skriva nynorsk. I si tid tok Lilleholt saman med Ola Mestad initiativ til dei første skriveseminara for nynorskskrivande jusstudentar, medan han i dei seinare åra har stilt opp som føredragshaldar på tilsvarande seminar då tradisjonen vart teken opp att.

Ut over arbeidet som professor har han også engasjert seg i norsk samfunnsliv som leiar i nynorskseksjonen i norsk språkråd, som styremedlem i NRK frå 2006, medlem i den nasjonale norske kommisjonen for Unesco og i ei rekkje andre offentlege utval og råd, i tillegg til vervet som redaktør for tidskriftet Lov og rett.

GOH
© Noregs Mållag 2019 - Sidene laga av Zetta AS