FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 15. NOVEMBER 2019
Juristmållaget
E-post: rasberg @ gmail.com

Framsida Om oss Nyhende og aktuelt Organisasjon Jubileumsskrift 2010 Kontakt oss

Årsmelding for 2007

 (16.09.2008)

Årsmøte for 2008 vart halde tysdag 13. mai 2008 hjå advokatfirmaet Kluge i Oslo. Advokat, tidlegare statssekretær, Steinulf Tungesvik heldt føredraget "Mirakelet i Samferdselsdepartementet", om korleis departementet gjekk frå å vera mellom dei dårlegaste til dei beste på bruk av nynorsk.

ÅRSMELDING FOR 2007:

Styret har vore samansett av advokat ved Regjeringsadvokaten Gunnar O. Hæreid (leiar), Oslo, rådgjevar ved Olje- og energidepartementet Jarand Felland, Oslo, advokat i Kluge Bente LaForce, Oslo, advokatfullmektig Jon Vegard Lervåg, Kluge, Oslo, advokatfullmektig Kari Hangeland Buvik, Haavind og Vislie, Oslo og tingrettsdommar Arild Nesdal, Oslo (kasserar – møter ikkje på styremøte eller liknande).

Det har vore fire styremøte i perioden.

Den aktiviteten Juristmållaget har brukt mest tid på frå 2004 til 2008, er å skipa skriveseminar for jusstudentar og ferdige juristar. Seminar vart haldne på Geilo i mars 2005, på Ustaoset i januar 2006 og på Haugastøl i januar 2007 og 2008. Seminara har vore særs vellukka, og dei har vore ein kveik til vidare mållagsarbeid i juristmiljøet. Medrekna arbeidsgruppa og førelesarar deltok i alt 16 personar på seminaret i 2005, 22 personar i 2006, 26 personar i 2007, og 16 personar i 2008. Me har vore så heldige å ha mellom andre høgsterettsdommar Karl Arne Utgård, professor Kåre Lilleholt og professor Ola Mestad som førelesarar. Som følgje av seminara har me fått ein del nye medlemmer. Til seminaret i 2008 har me fått ein kraftig auke i ekstern støtte frå gjevarar. Me har fått støtte frå advokat Olav Felland, advokatfirmaet BAHR, Kristiansand Mållag, Sandefjord og Sandar Mållag, Noregs Mållag, Universitetet i Tromsø og Universitetet i Bergen. Dette har medført at me for første gong har unngått underskot for seminaret, noko som sporar til å skipa nytt seminar neste år.

Juristmållaget har fått i stand ei fadderordning for studentar, som kan venda seg til andre medlemmer i Juristmållaget for både å få språklege råd og for å få privat gjennomgang av oppgåver.

I tillegg har Juristmållaget hatt jamlege sosiale treff i Oslo, mellom anna sommarfest i Sofienbergparken i juni 2007.

Juristmållaget fekk våren 2007 ei eiga heimeside, under Noregs Mållag sine sider. Adressa er http://www.nm.no/lag/juristmallaget/ . Me har lagt ut noko stoff på sida, men på grunn av at publiseringsverktøyet er lite brukarvennleg står den store dugnaden framleis att. På sikt vil me prøva å få lagt ut døme på prosesskriv, dommar og liknande på nynorsk, og oversikt over ordbøker og juridisk litteratur på nynorsk. Kanskje må dette venta til Noregs Mållag sentralt skiftar dataverktøy.

På årsmøtet i fjor vart det kunngjort at professor Nils Nygaard fekk årets målpris. Ved utdelinga under ein seremoni på Universitetet i Bergen fekk han stor merksemd av kollegaer og studentar, og Bergens Tidende, Stavanger Aftenblad og ei rekkje andre aviser omtala utdelinga.

Juristmållaget er eit viktig ressursmiljø for Noregs Mållag, og det skal laget halde fram med å vera.

Elles har to styremedlemmerstyret delteke på møte med andre yrkesmållag, for å fremja vår plass i Noregs Mållag.

Me har ikkje hatt utsendingar til landsmøtet i Noregs Mållag i 2007 og 2008, grunna andre gjeremål.

Per 31.12.2007 var det registrert 87 betalande medlemer, ein framgang på 17 frå året før. Det er grunn til å tru at det er skriveseminaret og blesting av dette som har ført til den auken. Sidan me starta med første skriveseminaret vinteren 2005 har medlemstalet nesten dobla seg. Me håpar at alle medlemmer kan vera med på å verva fleire.

Den lokale kontingentsatsen i Juristmållaget var i 2007 kr 50 for hovudmedlemer, kr 100 for familiemedlemer og kr 40 for jusstudentar som er medlemer i Norsk Målungdom.

Yrkesmållaga har ein felles representant i Landsrådet i Noregs Mållag. Steinulf Tungesvik frå Juristmållaget hadde vervet fram til 2000, men no er det Landbruksmållaget som har det.

ARBEIDSPLAN FOR 2008:

Årsmøtet vedtok denne arbeidsplanen:

* Juristmållaget skal halda skriveseminar for jusstudentar og ferdige kandidatar

* Juristmållaget skal arbeida vidare med å utvikle ei nettside med døme på privatrettslege ikkje-standardiserte dokument innanfor kontraktsrett, familierett, arverett, tingsrett etc, og oversyn over juridisk litteratur på nynorsk. Styret har ansvar for dette arbeidet, men vil søkje å trekkje inn andre medlemer slik at dette kan bli ein dugnad.

* Juristmållaget skal søkje å halde minst eitt møte årleg om aktuelle emne i krysspunktet juss og språk. I tillegg skal det forsøkast å halde eit føredrag om eit pensumrelatert emne på universitetet.

* Medlemene skal verve vidare i 2008, slik at Juristmållaget kan vekse seg sterkare og mindre sårbare. Same mål som i 2007: 14 nye medlemer i 2008.

* Juristmållaget skal dela ut målpris til ein person som har gjort ein god innsats for nynorsken på det juridiske fagfeltet

* Juristmållaget skal opprette ei avdeling i Bergen og skape aktivitet i det langt større miljøet av nynorskskrivande juristar der.

* Juristmållaget skal vera synleg på universiteta i Oslo og Bergen ved semesterstart.

* Juristmållaget skal følgja opp brot på mållova.

* Juristmållaget skal leggja til rette for ei fadderordning for jusstudentar som ønskjer å skriva nynorsk.

* Juristmållaget skal prøva å påverka val av omgrep i sentrale lovframlegg, til omgrep som også kan nyttast på nynorsk

* Juristmållaget skal halde fram med å levere fråsegner til Noregs Mållag i mållovsspørsmål og andre saker som Noregs Mållag etterspør.

Ettersedd rekneskap for 2007 ligg ved i pdf-format. Som det går fram har eigenkapitalen auka med om lag 2 500 kr i 2007.

ÅRSPENGAR FOR 2009

Styret vedtok å halda medlemspengesatsane uendra:

* kr 60 for hovudmedlemer

* kr 110 for familiemedlemer

* kr 50 for jusstudentar som er medlemer i Norsk Målungdom

i tillegg til sentralsatsen til Noregs Mållag, som er kr 240 for hovudmedlem og kr 120 for familiemedlem.

Gunnar O. Hæreid
leiar

© Noregs Mållag 2019 - Sidene laga av Zetta AS