FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 15. NOVEMBER 2019
Juristmållaget
E-post: rasberg @ gmail.com

Framsida Om oss Nyhende og aktuelt Organisasjon Jubileumsskrift 2010 Kontakt oss

Juridisk og administrativ ordliste er tillatt hjelpemiddel på eksamen

 (15.01.2009)

Eksamensamensseksjonen ved Juridisk fakultet, Universitetet i Oslo, har stadfesta at Karl Arne Utgård si ordliste er tillatt hjelpemiddel på eksamen, etter at nynorskbrukarar tidlegare har fått ordlista inndregen på eksamen.

E-postsvar frå eksamensseksjonen følgjer her:

Jeg svarer på vegne av [leiaren],

Alle ordlister er lov å ta med på eksamen, du har da forstått det rett at den nevnte ordlisten kan medbringes som lovlig hjelpemiddel på alle skoleeksamener som inngår i studieprogrammet Master i rettsvitenskap.

http://www.jus.uio.no/studier/regelverk/hjelpemidler-eksamen.html

Vennlig hilsen
NN

Spørsmålet som vart sendt følgjer her:

> På vegner av nokre av våre medlemmer
> lurer eg på om det no er tillate å ha med ordlista til Karl Arne
> Utgård (Juridisk og adminstrativ ordliste) på eksamen.
>
> Så vidt eg har fått opplyst går det no fram av eksamensforskrifta at
> dette er tillate hjelpemiddel:
>
> "4. Alle ordlister og alminnelige ordbøker, inntil 3 eksemplarer.
> Ordbøker på fremmedspråk må ha oversettelse til engelsk eller norsk."
>
> Eg forstår det slik at ordlista til Utgård kjem inn under dette, men
> eg ber for ordens skuld om at Jurfak stadfestar om det er rett forstått.

© Noregs Mållag 2019 - Sidene laga av Zetta AS