FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 15. NOVEMBER 2019
Juristmållaget
E-post: rasberg @ gmail.com

Framsida Om oss Nyhende og aktuelt Organisasjon Jubileumsskrift 2010 Kontakt oss

Målpris til professor Nygaard

 (22.05.2007)

Målprisen til Juristmållaget for 2007, den andre i historia, går til professor emeritus Nils Nygaard. Nestleiar i Juristmållaget Jarand Felland delte ut prisen ved ei markering på Dragefjellet i Bergen 22. mai.

Nygaard frå Imsland i Ryfylke tok til med jussen i vaksen alder, etter mellom anna å ha livnært seg ved å hogga tømmer. Han var ferdig utdanna jurist som 35-åring. Ved nær heile yrkeslivet som jurist har han vore knytt til det akademiske miljøet i Bergen. Han var den første som tok den juridiske doktorgraden ved Universitetet i Bergen, på det banebrytande verket ”Aktløysevurderinga i norsk rettspraksis”. Nygaard vart professor i 1977 og var i fem år dekanus ved Juridisk fakultet.

Nils Nygaard har vore ein særs omtykt og produktiv forfattar innanfor tunge juridiske fag som erstatningsrett og metodelære. Rettsgrunnlag og standpunkt vart av studentmagasinet Injuria utropt til verdas beste jussbok. Skade og ansvar er standardverket innanfor norsk erstatningsrett, eller skadebotrett, som Nygaard sjølv seier. Dei talrike artiklane spenner frå emnet Eigedomsatterhald i smågris til Forsikring, sjølvmord og sinnsjukdom og Om statens skadebotansvar overfor private for feilaktig eller manglande gjennomføring av EU/EØS-direktiv. Heile tida har Nygaard halde på nynorsken. Han har vore ein føregangsmann i å utvikla omgrepsapparatet på nynorsk i bøkene og artiklane sine. Gjennom førelesingane ved Universitetet i Bergen har han dessutan vore ei levande inspirasjonskjelde for studentar som har ønskt å skriva nynorsk.

Foto: Solveig Prestegard

Sjå omtale i
Bergens Tidende
Nettavisa til Universitetet i Bergen

© Noregs Mållag 2019 - Sidene laga av Zetta AS