FRAMSIDA|MELD DEG INN|KALENDER|KONTAKT| 27. DESEMBER 2020
Juristmållaget
E-post: rasberg @ gmail.com

Framsida Om oss Nyhende og aktuelt Organisasjon Jubileumsskrift 2010 Kontakt oss

Målpris til advokatar

 (01.10.2007)

Stord kommune har gjeve årets målpris til tre advokatkontor, Advokatane i Borgen AS, Advokatane Haldor Tveit & Audvald Kvamme og Advokatane Sydnes & Neset.


I grunngjevinga skriv verdas største nynorskkommune:

Komite for miljø og kultur/nemnda synest det er storvegs at heile advokatstanden på Leirvik er konsekvente nynorskbrukarar og rår til at desse tre advokatkontora får prisen.

Advokatane arbeider i ein bransje der bokmålet dominerer sterkt og der språket ikkje alltid er like lett tilgjengeleg. Gjennom saker av ulike slag har advokatane kontakt med det breie lag i folket. Utanom korrespondanse og utgreiingar opptrer dei også i rettssalen med munnleg framføring. Nemnda legg stor vekt på at advokatane på Stord viser at nynorsk fungerer som bruksspråk og fagspråk innanfor alle samfunnsområda. At heile advokatstanden på Stord nyttar nynorsk, er eit føredøme som andre bransjar gjerne må følgja.

Kjelde: Stord kommune

© Noregs Mållag 2020 - Sidene laga av Zetta AS