FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 7. DESEMBER 2019
Juristmållaget
E-post: rasberg @ gmail.com

Framsida Om oss Nyhende og aktuelt Organisasjon Jubileumsskrift 2010 Kontakt oss

Arbeidsplan for 2007

Årsmøtet vedtok denne arbeidsplanen
* Juristmållaget skal halde fram med å levere fråsegner til Noregs Mållag i mållovsspørsmål og andre saker som Noregs Mållag etterspør.

* Juristmållaget skal arbeida vidare med å utvikle ei nettside med døme på privatrettslege ikkje-standardiserte dokument innanfor kontraktsrett, familierett, arverett, tingsrett etc, og oversyn over juridisk litteratur på nynorsk. Styret har ansvar for dette arbeidet, men vil søkje å trekkje inn andre medlemer slik at dette kan bli ein dugnad.

* Juristmållaget skal søkje å halde minst eitt møte årleg om aktuelle emne i krysspunktet juss og språk.

* Juristmållaget skal opprette ei avdeling i Bergen og skape aktivitet i det langt større miljøet av nynorskskrivande juristar der.

* Medlemene skal verve vidare i 2007, slik at Juristmållaget kan vekse seg sterkare og mindre sårbare. Same mål som i 2006: 14 nye medlemer i 2007.

* Juristmållaget skal prøva å påverka val av omgrep i sentrale lovframlegg, til omgrep som også kan nyttast på nynorsk

* Juristmållaget skal halda skriveseminar for jusstudentar og ferdige kandidatar

* Juristmållaget skal vera synleg på universiteta i Oslo og Bergen ved semesterstart.

* Juristmållaget skal følgja opp brot på mållova.

* Juristmållaget skal dela ut målpris til ein person som har gjort ein god innsats for nynorsken på det juridiske fagfeltet

* Juristmållaget skal leggja til rette for ei fadderordning for jusstudentar som ønskjer å skriva nynorsk.

Nyhende frå nm.no:

© Noregs Mållag 2019 - Sidene laga av Zetta AS