FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 4. FEBRUAR 2012
Mållaget i Kristiansand
E-post: an-aus @ online.no

Framside Arkiv Nynorsk for alle på Agder Om oss Kontakt oss

Nordahl Grieg på Sørlandet


Tysdag 17. januar fekk me ei interessant utgreiing av Jostein Andreassen om Nordahl Grieg på Sørlandet. At diktet Til ungdommen vart skrive i Ny Hellesund var ei heil ny opplysing for mange av oss.

Det var biografien til Edvard Hoem om Nordahl Grieg i 1989 som gjorde Jostein Andreassen svært nyfiken på å få vite meir om opphaldet på Sørlandet. Kor i Høvåg t.d. hadde Grieg budd? Jostein Andreassen gjekk straks i gang med å prøve å finne ut meir om opphaldet, og han hadde hellet med seg.

Les meir
Nynorsk i 7. klasse på Hånes
Også dette året har 7. klasse på Hånes nynorsk på planen. Mållaget i Kristiansand har mange nynorskbøker til utlån som skulane kan bruke i undervisninga.

Les meir
Program for Mållaget i Kristiansand vårhalvåret 2012
Alle som er interesserte i målarbeid og programma me tilbyr, er velkomne til Mållaget.
Lyrikklubben tek til med fyrste møtet 10. januar, og desse møta byrjar kl 18.30. Dei er opne for alle, medlemer og ikkje-medlemer!
Fyrste lagsmøtet denne våren startar med "Nordahl Grieg på Sørlandet" av Jostein Andreassen.
Dessutan kan de merke dykk nynorsk gudsteneste i domkyrkja sundag 10. juni med Paal-Helge Haugen, og som vanleg kyrkjekaffi i Mållagsstova etterpå.

Hjarteleg velkomen til Mållaget våren 2012.

Les meir
 
Julemøtet i Mållaget 2011
Det tradisjonelle julemøtet i Mållaget samla også denne gongen mykje folk, og det var fleire som fekk beskjed om at det var fullt, sjølv om dei hadde meldt seg på innan fristen.


Les meir
Kulturkveld saman med BUL
Onsdag 9. november var ca 60 tilhøyrarar møtt fram i BUL-salen for å lytte til det Else Rønnevig hadde å fortelje om tradisjon for brødbaking i Noreg.

Ho fortalde at bakaromnar vart brukt her i landet for nesten tusen år sidan. Frå 1800 talet og heilt til i 1950-åra var bakaromnen vanleg i hushaldet.

Les meir
 
Utdeling av journaliststipend hausten 2011
Mållaget i Kristiansand er glad for å kunne dele ut stipend til komande journalistar. Desse vart etter møte i juryen 1.11.2011 tildelt stipend:
Johanne Flottorp, Maria Lavik, Helene Reite og Ingvild Skølt. Tre av desse studerer journalistikk ved Høgskolen i Oslo, medan den fjerde, Helene Reite, er student ved Mediehøgskolen Gimlekollen, Kristiansand. Av desse har både Flottorp, Lavik og Reite fått stipend tidlegare.

Me ynskjer dei lukke til med studiet og vonar dei kjem til å få høve til å bruke nynorsk ofte.

Kristiansand i språk og historie
Inger Johanne og Knut Mæsel tok oss med på ein svært interessant "rusletur" denne kvelden. Dei tok utgangspunkt i den siste boka deira: Rusleturer i Kvaderaturen 7 Under Baneheia som vert utgjeve i desse dagar.

Etter kaffipausen heldt Vibeke Lauritsen eit engasjert innlegg om Kristiansandsdialekten, og kor mykje i denne som eigentleg er likt med nynorsk.


Les meir
 
Sørlandsk lærarstemne: Nynorsk på 1-2-3
Ingar Arnøy, skulemålsskrivar i Noregs Mållag, heldt eit entusiastisk innlegg for nynorsken på Sørlandsk lærarstemne 21. oktober 2011. Nynorsk er i røynda eit riksmål, ikkje eit lokalt mål! Det er ein myte at Aasen ikkje var stort andre stader enn på Vestlandet.

Les meir
Cornelius Jakhelln om "Norrøn livskunst"
Forfattaren og black-metal-musikaren Cornelius Jakhelln gjesta 13. september Mållaget i Kristiansand med føredraget "Norrøn livskunst". På ein original og engasjerande måte formidla han korleis han har begynt å bruke ein svært konservativ nynorsk som kunstspråk – den såkalla høgnorsken, eller det vi gjerne kjenner som “i-mål”.

Les meir
 
Opplesing av nynorske biletbøker i Kløverhagen barnehage
Ragnhild Mydland frå Mållaget i Kristiansand har vore to onsdagar og lese for borna i Kløverhagen barnehage.
Interessen er stor, og her er mange bøker velje i. Det er små grupper ho les for, og alderen varierer frå 2 - 3 år til 5 - 6 år.



Les meir
Mållaga på Agder satsar på nynorsk i barnehagane
Noregs Mållag har sett i gang ein kampanje for meir nynorsk i barnehagen: "Gjennom ord blir verda stor". Det er viktig at borna ifrå dei er små blir vant med å høyre ulike målformer, men det er ofte lite nynorsk dei høyrer.
Mållaga på Agder har difor engasjert Inger Lise Stulien Robstad og Knut Kjetil Møen til å reise rundt med konsertar. Turneen starta øvst i Setesdal den 7. september og vert avslutta i Evje 19. oktober.

Les meir
 
Velkomen i Mållaget i Kristiansand!

Mållaget i Kristiansand held til i 3. høgda i Mållagsbygget på hjørnet av Gyldenløves gate og Kirkegata ved Wergelandsparken.

Me arrangerer mållagskveldar med aktuelle tema, eit fellesmøte med BUL kvart semester pluss fleire lyrikksamlingar.

Mållagsmøta og lyrikksamlingane er på tysdagar – fellesmøtet med BUL ein onsdag.
Sjå òg bilete frå mållagsstova!
Mållaget låner ut høgtlesar og bøker
Søm barnehage i Krstiansand har den siste tida hatt eit spennande prosjekt om nynorsk litteratur og born. I samband med dette har Ragnhild Mydland frå Mållaget i Kristiansand vore i barnehagen og lese for dei.
- "Vi følte det var på tide å setja fokus på å lese for alle, ikkje berre dei som vil velje det sjølve. Når vi set lesinga i system slik vi har gjort nå, veit vi at alle får disse røynslene, ikkje berre dei som vanlegvis ville velje det. Og håpet er at det vekkjer ei interesse hos nokre av desse borna for å lese meir", seier pedagogisk leiar Marianne.

Les meir
 
Nyhende frå nm.no:

© Noregs Mållag 2012 - Sidene laga av Zetta AS